Leiar HAFS interkommunale barnevernteneste
- Søknadsfrist 14.10.2026
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Sektor Offentlig
Vil du leie utviklinga av ei viktig teneste for barn og familiar i HAFS?
HAFS barnevernteneste arbeider for å finne gode løysingar for barn, unge og familiar i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Eininga består av ti engasjerte medarbeidarar som kvar dag samarbeider for å møte utfordringar, sjå moglegheiter og sikre gode tenester til innbyggjarane i regionen.
No står tenesta framfor ei spanande utvikling, og vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar som vil vere med på å forme vegen vidare. Som leiar får du ansvar for å vidareutvikle tenesta, leie medarbeidarane og sikre høg fagleg kvalitet i arbeidet til beste for barn, unge og familiar i HAFS.
Barnevernsfeltet er i sterk utvikling, og dette er ei moglegheit for deg som ønskjer å påverke framtidas barnevern. Du vil ha medansvar for oppfølging av vedtekne planar, bidra til strategisk utvikling av tenesta og sikre godt samarbeid med kommunar, samarbeidspartnarar og andre viktige aktørar i HAFS-regionen.
Sentrale arbeidsoppgaver:
· Hovudansvar for å drive eit best mogleg tenestetilbod for barn, deira familiar og nettverk
· Organisasjonsutvikling og kvalitetsarbeid
· Leie og støtte eit team med dyktige sakshandsamarar
· Vidareutvikle kultur, struktur og arbeidsprosessar
· Sikre gode resultat for barn og familiar i regionen
Kven ser vi etter?
Vi søkjer ein trygg, robust og tydeleg leiar som ønskjer å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar. Du har ei sterk fagleg forankring, evne til å skape retning og trivst med å leie og utvikle medarbeidarar. Samstundes har du forståing for samhandling, utviklingsarbeid og kommunen si rolle som tenesteytar.
Vi ser særleg etter deg som har:
· Barnevernsfagleg bakgrunn
· Leiarerfaring / gode leiareigenskapar
· God forståing for lovverk og kommunal verksemd
· Evne til å bygge tillit, skape engasjement og oppnå resultat
Kvalifikasjonskrav:
· Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom
· Erfaring frå arbeid i barneverntenesta eller tilsvarande verksemd
· Relevant leiarerfaring
· God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
· Førarkort klasse B
· Godkjend politiattest og tuberkulinattest
Frå 2031 blir det lovpålagt at leiarar i barneverntenesta har masterutdanning. Dersom du ikkje har mastergrad i dag, må denne gjennomførast innan 2031.
Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Personlege eigenskapar
Vi trur du vil trivast og lukkast i rolla dersom du:
· Er tydeleg, handlekraftig og fagleg trygg
· Har ein inkluderande og motiverande leiarstil
· Bygger gode relasjonar og skapar tillit rundt deg
· Handterer uføresette situasjonar på ein roleg og konstruktiv måte
· Møter tilsette, brukarar og samarbeidspartnarar med respekt, audmjukskap og tryggleik
Om du ønskjer ein meiningsfull og utfordrande leiarjobb der du får vere med på å vidareutvikle viktige tenester for barn, unge og familiar, vil vi gjerne høyre frå deg. Saman kan vi gjere ein forskjell for innbyggjarane i HAFS.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å verte unnateke offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
HAFS interkommunale barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, med Fjaler som vertskommune. Tenesta held til i nye og moderne lokale på Fjaler kommunehus.
- Sted: Fjaler, 6963 Dale i Sunnfjord
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Saksbehandler, Sosionom
Nøkkelord
Kommunal virksomhet, Ledelse og organisasjonsutvikling, Barnevernsfag, Enhetsleder, Barnevernsleder
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 476469021
- Sist endret:
- Org.nr.: 982777747Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)



