FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Utdanningsforbundet logo
Utdanningsforbundet
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Rådgivar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 30.9.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Rådgiver innen drift, koordinering og utvikling. Oppgaver knyttet til lønns- og arbeidsvilkår, forhandlinger og tekniske løsninger.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høyere utdanning, gjerne lærerutdanning
  • God kompetanse innen IKT-systemer og avanserte ferdigheter i Excel
  • Forhandlingskompetanse og kunnskap om lov- og avtaleverk
  • Erfaring med publisering på nettsider
  • Ønskelig med organisasjonserfaring og veiledningskompetanse

Hva vi tilbyr

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Solid pensjons- og forsikringsordning
  • Tid til trening i arbeidstiden
  • Ekstra fridager i jul og påske
  • Mulighet for faglig utvikling gjennom kurs og seminarer
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Rådgivar

Vil du vere med og bidra til at Utdanningsforbundet Vestland har gode rammer for å løyse samfunnsoppdraget sitt? Vi søkjer no ein engasjert rådgivar som vil vere med på å utvikle og støtte arbeidet ved fylkeskontoret.

Som rådgivar vil du få ei variert rolle med oppgåver innan drift, koordinering og utvikling av arbeidsprosessar og rutinar. Du blir ein viktig støttespelar for både tilsette og politisk valde, og bidreg til at fylkeslaget fungerer på ein effektiv og god måte. Hos oss får du arbeide i eit spennande og dynamisk miljø med varierte arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Noko reiseverksemd må påreknast.

Fylkeskontoret har åtte tilsette og 19 politisk valde organisasjonstillitsvalde. I Vestland er vi til stades både i Bergen og Førde, og du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer som er opptekne av å skape gode resultat saman. Nynorsk er målform i fylkeslaget og arbeidssted vil være Bergen eller Førde.


Arbeidsoppgåver

Du skal blant anna:

  • Vere rådgivar for fylkeslaget, lokallag og medlemmer i saker som gjeld lønns- og arbeidsvilkår, rettsvilkår, pensjon, trygd og spørsmål knytte til lovverket
  • Bidra i arbeid med digital utvikling og forbetring av system
  • Bidra ved forhandlingar i ulike tariffområde, særleg knytt til berekningar
  • Bidra i arbeid med medier og kommunikasjon
  • Ansvar for tekniske løysingar på kontoret og i underliggande ledd.
  • Bidra i skolering av tillitsvalde og medlemmer
  • Ta del i dei løpande oppgåvene ved fylkeskontoret
  • Merk at noko reiseverksemd må påreknast

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning, gjerne lærarutdanning
  • Gjerne formell kompetanse innan IKT
  • Forhandlingskompetanse
  • Gjerne rettleiingskompetanse
  • Lov- og avtaleverk som gjeld innanfor områda til Utdanningsforbundet.
  • Ønskjeleg med organisasjonserfaring.

Stillinga krev god kompetanse innan IKT-system, erfaring med publisering på nettsider og avanserte ferdigheiter i Excel. Erfaring med bruk av Excel som verktøy i lønnsforhandlingar og analysearbeid vil bli vektlagd.

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som har:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å jobbe strategisk og ta initiativ

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Arbeide saman med dyktige kollegaer, delta på faglege arenaer og få fridom til å ta ansvar og påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Vere ein del av eit godt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, òg i periodar med høgt tempo.
  • Utvikle kompetansen din gjennom kurs, seminar og læringsarenaer som gir moglegheit for både fagleg og personleg vekst.
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår, ei solid pensjons- og forsikringsordning, tid til trening i arbeidstida og ekstra fridagar i jul og påske.

Ferdigheter
AI-generert

  • Kunnskap om trygdeordninger
  • Microsoft Excel
  • Planlegge og produsere innhold til sosiale medier, nyhetsbrev og hjemmeside
  • Teknisk IT kompetanse

Om arbeidsgiveren

Utdanningsforbundet er eitt av Noregs største fagforbund og har fleire enn 190 000 medlemmer frå alle delar av utdanningsfeltet – frå barnehage til universitet og høgskule. Utdanningsforbundet arbeider for å betre medlemmene sine lønns- og arbeidsvilkår og for å heve kvaliteten i utdanninga. Utdanningsforbundet er tilslutta hovudorganisasjonen Unio. Utdanningsforbundet har om lag 200 tilsette i det sentrale sekretariatet, og i tillegg 15 fylkessekretariat med vel 65 tilsette. Utdanningsforbundet Vestland har 23 000 medlemmer. Fylkeslaget har 10 tilsette og det er to tilsette i Bergen lokallag, i tilleggt til19 frikjøpte tillitsvalde.

  • Sted: Strandgt 198, 5004 Bergen
  • Bransje: Arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjoner, Organisasjoner
  • Stillingsfunksjon: Forhandling, Kontor og administrasjon, Rådgivning

Nøkkelord

Tariff, Arbeidsvilkår, Utdanning, Fagforening, Utdanningsforbundet

Spørsmål om stillingen

EH

Elin Haugsvær Gravdal

Personalleiar

45 47 38 23Kopier telefonnummer 45 47 38 23

Firmaets beliggenhet

Strandgt 198, 5004 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen

719 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Utdanningsforbundet logo

Utdanningsforbundet

  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Facebook
  • LinkedIn
Hjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 476039168
  • Sist endret: 10.9.2026, 11:53
  • Org.nr.: 884026172Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse