Avdelingsleiar
- Søknadsfrist 22.09.2026
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Avdelingsleiar
Knarvik vidaregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. rektor, og 7 andre avdelingsleiarar, og får ansvar for studiespesialiserande utdanningsprogram med tilsaman omlag 20 tilsette. Ansvarsområde for stillinga kan bli endra.
Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med resten av leiargruppa. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområde dette skuleåret; vurdering integrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.
Skulen har 870 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.
Vi har mange ulike utdanningsprogram innanfor både yrkesfag, studiespesialisering, yrkesfagleg studiekompetanse (TAF/YSK) og tilrettelagt opplæring.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, med ansvar for vikarhandtering. Du vil saman med andre avdelingsleiarar få overordna ansvar for skuleårsplanlegging, timeplanarbeid og drift av InSchool. Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane.
Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.
Kvalifikasjonar
Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanseØnskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
God kunnskap om vidaregåande opplæring
Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Du likar å jobbe med ungdom!
Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
Du er strukturert, utviklingsorientert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
Du er god på å samarbeide
Du er god til å byggje relasjoner
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Ein spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skuleEit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer
Ein skule med ambisjonar på vegner av elevane
Gode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkår
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Leiarutviklingsprogram i regi av VLFK
Moglegheiter for videreutdanning innan leiing (rektorutdanning)
Ferdigheter AI-generert
- Økonomistyring
- Timeplanlegging (undervisning)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sted: Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Avdelingsleder, Skoleleder
Spørsmål om stillingen
Ulrik Schütz
Rektor
Hilde Fiske Hugaas
Ass. rektor
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 475821480
- Sist endret:
- Org.nr.: 974783223Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


