FINNJobbSøkVestlandSunnfjord
Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Spesial-/sjukepleiar

Fast stilling ∙ Førde
  • Søknadsfrist 20.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Behandling og pleie av barn og unge ved sengepost og poliklinikk. Stillingen inngår i tredelt turnus med arbeid hver tredje helg.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som sykepleier
  • Gode kunnskaper i norsk, skriftlig og muntlig
  • Ønskelig med videreutdanning innen barnesykepleie, intensiv, onkologi eller nyfødtsykepleie
  • Erfaring fra barne- og ungdomsavdeling eller annen sykehuserfaring prioriteres
  • Fordel med kunnskap om eller erfaring med medisinsk-teknisk utstyr

Hva vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Arbeid i nye og moderne lokaler

Spesial-/sjukepleiarstilling 

Barne- og ungdomsavdeling (BUA), sengepost og poliklinikk, har ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiarar frå 01.01.2027. 

Barne- og ungdomsavdelinga er ein spennande arbeidsplass med eit breitt fagfelt og spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.

Sidan våren 2026 har sengepost og poliklinikk vore samlokalisert og organisert i ein felles seksjon. Dette legg til rette for tett tverrfagleg samarbeid, god ressursutnytting og eit sterktfagleg miljø.

Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, i tillegg til premature og sjuke nyfødde. Vi driftar eige akuttmottak for medisinske barn, samt avansert heimesjukehus (AHS) og Barnehus. Vi jobbar i akutte og tverrfaglege team

Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innom fleire fagområde, mellom anna astma og allergi, diabetes og endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi, nyre- og urinvegssjukdommar og revmatologi

Hos oss får du arbeide i eit engasjert fagmiljø med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle deg innan fleire spesialområde.

Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kva tredje helg. 

Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig vikariat. Vi ber søkjarar opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat. 


Arbeidsoppgåver

  • Behandling og pleie av barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske- og kirurgiske diagnosar.
  • Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barn
  • Mottak av barn og unge
  • Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten
  • Opplæring/undervisning til pasient og pårørande
  • Omsorg og støtte til pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan relevant spesialitet er ønskjeleg *)
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert 
  • Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritert
  • Kunnskap/erfaring med ein del medisinskteknisk utstyr vil vere ein fordel

*) Vi har særleg behov for kompetanse innan:

  • barnesjukepleie/pediatri
  • intensivsjukepleie
  • onkologisk sjukepleie
  • avansert klinisk nyfødtsjukepleie

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig og arbeidssam
  • Er fagleg engasjert og ønskjer utvikling
  • Like varierte utfordringar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Samarbeidsvillig
  • Fleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidstid

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø
  • Arbeid i nye og moderne lokale
  • Tett samarbeid mellom sengepost og poliklinikk 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) 992 93 641

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 5175423007

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.09.2026

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
  • Stillingsfunksjon: Barn/nyfødt, Intensiv, Sykepleier

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart
Søknadsfrist: 5 dager igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475542140
  • Sist endret: 7.9.2026, 08:16
  • Org.nr.: 974744570Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse