FINNJobbSøkMøre og RomsdalSykkylven
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Avdelingsleiar 100 % fast stilling

Fast stilling ∙ Sykkylven
  • Søknadsfrist 13.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Lede og utvikle fagmiljø for psykisk helse og rus. Kombinerer ledelse med noe pasientrettet arbeid.

Kvalifikasjoner

  • Relevant 3-årig sosial og helsefaglig utdanning
  • Utdanning innen ledelse eller relevant ledererfaring
  • Kjennskap til relevant lovverk
  • God økonomi- og IT-forståelse
  • Førerkort klasse B

Hva vi tilbyr

  • Varierte, utfordrende og selvstendige arbeidsoppgaver
  • Tilsetting i samsvar med offentlig avtaleverk
  • Lønn etter kommunale betingelser
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Nye kontorlokaler

Avdelingsleiar 100 % fast stilling

Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske i Sykkylven?
Er du ein trygg og inspirerande leiar som motiverer menneska rundt deg? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi søkjer ein engasjert avdelingsleiar for Psykisk helse og rus med oppstart frå 01.12.2026.

Psykisk helse og rus er ei tverrfagleg teneste som tilbyr oppfølging og behandling til personar med utfordringar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Teamet vårt består av høgt kvalifiserte fagpersonar med ulik bakgrunn, mellom anna psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionom.
Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og vidareutvikle eit kompetent fagmiljø med fem tilsette. Du vil spele ei sentral rolle i arbeidet med å sikre kvalitet, utvikling og gode tenester til innbyggjarane våre. Stillinga kombinerer leiing med noko pasientretta arbeid.

Avdelinga for Psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven kommune, som held til i det nye Helsehuset midt i sentrum. Eininga omfattar også legetenesta, heimebasert omsorg og avdeling for førebygging og meistring, noko som gir gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid.

Vil du vere med og forme framtidas psykisk helse- og rustenester i Sykkylven?
Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga
  • Dagleg drift
  • Samhandling med andre avdelingar innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne samarbeidspartnarar
  • Pasientretta arbeid
  • Fagutvikling
  • Kvalitetsarbeid
  • Sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer
  • Delta i leiargruppe med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar 
  • Rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar
  • Andre delegerte oppgåver frå einingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig sosial og helsefagleg utdanning
  • Må ha utdanning innan leiing eller relevant leiarerfaring
  • Kjennskap og forståing for relevant lovverk
  • God økonomiforståing 
  • God IT kunnskap
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Tydelege leiareigenskapar, sjølvstendig og målretta
  • Gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne
  • Strukturert, lojal og fleksibel
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn etter kommunale betingelser
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø
  • Nye kontorlokaler

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Auregata 17

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 5165526653

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.09.2026

Om arbeidsgiveren

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 

Sjå meir frå Sykkylven
 her

  • Sted: Auregata 17, 6230 Sykkylven
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid

Firmaets beliggenhet

Auregata 17, 6230 Sykkylven

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474659538
  • Sist endret: 26.8.2026, 15:09
  • Org.nr.: 874618632Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse