Lærling portør
- Søknadsfrist 9.9.2026
- Sektor Offentlig
Lærling portør
Portørar transporterar pasientar, medisinar og utstyr. I tillegg handterar ein avfall og reine/skitne senger på sjukehus. Portørar er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og effektiv logistikk for heile sjukehuset.
Som lærling får du eigen rettleiar/instruktør, og det er dermed tilrettelagt for individuell fagleg opplæring. Arbeidet kan være fysisk krevjande og innebærer mykje gåing.
Du må like å arbeide med menneske og være i generelt god fysisk form.
Vi planlegg å tilsetje ein lærling i portørfaget med oppstart 01.10.2026. Læretida er to år.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er tilpassa læreplanen sine kompetansemål
- Turnus med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 – vidaregåande trinn 1
- Bestått VG2 – vidaregåande trinn 2
- Helse- og oppvekstfag: Ambulansefag - Helsearbeiderfag - Helseservicefag
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar og samarbeidar godt
- Du er imøtekomande og syner respekt for pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er punktleg og påliteleg
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Variert arbeid
- Fagleg og personleg oppfølging
- Løn i samsvar med gjeldande overeinkomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Leif Henning Vonen, Seksjonsleiar, (+47) 918 52 530Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5170934511
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 01.10.2028
Søknadsfrist: 09.09.2026
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474562834
- Sist endret:
- Org.nr.: 974744570Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


