FINNJobbSøkTelemarkHjartdal
Hjartdal kommune Hjartdal omsorgssenter
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Verksemdsrådgjevar

Fast stilling ∙ Sauland
  • Søknadsfrist 13.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Rådgjevar/koordinator for helse- og omsorgstenester. Bidra til praktisk drift, koordinering, implementering og oppfølging av oppgåver.

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning/erfaring frå helse/omsorg, administrasjon, logistikk, turnus eller ressursstyring
  • Forståing for turnusplanlegging og bemanningslogistikk
  • Erfaring med GAT eller tilsvarande ressursstyringssystem
  • God digital kompetanse
  • Kjennskap til kommunal helse- og omsorgsteneste er ein fordel

Vi søker deg som vil vere med på å utvikle og koordinere Helse og omsorg i Hjartdal kommune

Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord. Kommunen har ca. 1630 innbyggarar.

Helse og omsorg er eit sentralt kommunalområde med ansvar for tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Tenestene omfattar mellom anna omsorgssenter, heimetenester, praktisk bistand, tenester til personar med nedsett funksjonsevne, bustad- og tenestekontor, legekontor, psykisk helse, fysioterapi og fleire interkommunale samarbeid. Kommunalområdet er organisert med kommunalsjef, einingsleiarar og fagleiarar, og har eit tett samarbeid mellom drift, fag, administrasjon og utviklingsarbeid.

Helse- og omsorgstenestene står framfor store endringar knytt til demografi, rekruttering, kompetanse, økonomi og auka behov for digitalisering og nye arbeidsformer. Helse- og meistringsplanen er eit viktig styringsverktøy for å utvikle berekraftige tenester for framtida, med vekt på førebygging, meistring, rett hjelp på rett nivå, god ressursstyring, velferdsteknologi og tenester som i større grad støttar innbyggjarane i å bu trygt og meistre eige liv. Stillinga som rådgjevar/koordinator skal bidra til å omsette desse måla til praktisk drift og konkrete forbetringar i kvardagen.

Vi søkjer deg som er strukturert, løysingsorientert og utviklingsretta, og som ønskjer å vere ei viktig støtte for einingsleiar og fagleiarar. Du vil få ei sentral rolle i planlegging, koordinering, implementering og oppfølging av oppgåver innan drift, turnus, logistikk, ressursstyring, digital utvikling og leiarstøtte. Einingsleiar vil vere din næraste leiar.

Arbeidsoppgåver

· Ha ansvar for turnusarbeid og ressursstyring i samarbeid med einingsleiar, fagleiarar, tillitsvalde og verneombod
· Arbeide aktivt med logistikk, bemanningsplanlegging og god utnytting av kompetanse og personellressursar
· Vere systemansvarleg/superbrukar for sektorens ressursstyringssystem GAT
· Bidra i implementering av nye rutinar, digitale løysingar og arbeidsprosessar i helse og omsorg
· Vere digital støtte og pådrivar for god bruk av relevante fagsystem og digitale verktøy
· Støtte einingsleiar i oppfølging av leiaroppgåver, rapportering, strukturering og koordinering av drift
· Bidra til god informasjonsflyt mellom einingsleiar, fagleiarar, tilsette og samarbeidspartnarar
· Leie eller delta i arbeidsgrupper, prosjekt og utviklingsarbeid i sektoren
· Bidra i arbeid med retningsliner, rutinar, personalmeldingar og kvalitetsforbetring
· Koordinere innleige ved fråvær og bidra til forsvarleg bemanning i tenestene
· Bistå med fakturabehandling, innkjøp, økonomioppfølging og andre administrative oppgåver etter behov
· Vere hovudkoordinator for NAV hjelpemiddel

Kvalifikasjonar

  • · Relevant utdanning og/eller erfaring frå helse- og omsorgssektoren, administrasjon, logistikk, turnusarbeid eller ressursstyring
    · God forståing for turnusplanlegging, bemanningslogistikk og drift i døgnbaserte tenester
    · Erfaring med GAT eller tilsvarande ressursstyringssystem er ein føresetnad
    · God digital kompetanse og evne til å ta i bruk, lære bort og vidareutvikle digitale arbeidsverktøy
    · God munnleg og skriftleg framstillingsevne
    · Kjennskap til kommunal helse- og omsorgsteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • · Du arbeider strukturert, sjølvstendig og heilskapleg
    · Du har gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit i møte med leiarar, tilsette, tillitsvalde og samarbeidspartnarar
    · Du kommuniserer tydeleg, ryddig og respektfullt
    · Du trivst med endringsarbeid og klarer å motivere andre i utviklingsprosessar
    · Du er fleksibel, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
    · Du har god rolleforståing og evne til å støtte leiar utan å miste blikket for heilskapen i tenestene

Vi tilbyr

  • · Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i helse og omsorg
    · Ei sentral rolle i utvikling, koordinering og støtte til leiing av sektoren
    · Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
    · Moglegheit til å påverke arbeidsprosessar, digital utvikling og organisering av tenestene
    · Tilsetting på kommunale vilkår, med løn etter avtale og gjeldande regelverk

Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren

Velkommen til Hjartdal – det nære alternativet.

Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.

Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.

Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.

I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!

Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.
  • Sted: Hågånvegen 19, 3692 Sauland
  • Stillingsfunksjon: Koordinering, Rådgivning

Firmaets beliggenhet

Hågånvegen 19, 3692 Sauland

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillinger

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474553092
  • Sist endret: 25.8.2026, 12:26
  • Org.nr.: 974609142Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse