FINNJobbSøkVestlandBergen
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Fagbioingeniør ved Preanalytisk seksjon

Vikariat stilling ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 9.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Vikariat som fagbioingeniør ved Preanalytisk seksjon. Arbeidsoppgaver inkluderer veiledning, kursinstruksjon, hygiene, og driftsoppgaver.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Minimum 2 års erfaring fra tilsvarende laboratorium ønskelig
  • Beherske godt norsk muntlig og skriftlig
  • Superbruker Imatis
  • Erfaring med avviksbehandling i Synergi

Hva vi tilbyr

  • Spennende arbeidsoppgaver
  • Faglig og personlig utvikling
  • Dagstilling

Fagbioingeniør ved Preanalytisk seksjon - vikariat

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, og RELIS.

Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved MBF og har mellom 40 og 50 bioingeniørar og helsesekretærar knytt til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og i Nordhordaland. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøver til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt.

Vi lyser no ut vikariat for stilling  som fagbioingeniør for perioden 12.10.26 - 30.07.27 med moglegheit for forlenging på Preanalytisk seksjon i samband med utrullinga av desentral prøvetaking i Helse Bergen. 


Arbeidsoppgåver

  • Delta i rettleiing i blodprøvetaking for medarbeidarar, studentar og desentrale prøvetakarar
  • Bidra som instruktør på praktiske kurs for venøs og kapillær blodprøvetaking
  • Bidra i hygiene- og smittevernarbeid ved MBF 
  • Bidra som støttefunksjon for koordinator desentral prøvetaking
  • Delta i oppfølging av poliklinikken i Sentralblokka
  • Superbrukar Imatis
  • Avviksbehandling i Synergi
  • Delta i driftsoppgåver ved seksjonen
  • Andre oppgåver kan tilkomme

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør. Det er ønskeleg med minimum 2 års erfaring frå tilsvarande laboratorium
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Dersom søkar er kjend med drifta og har erfaring frå preanalytisk seksjon ved MBF, kan dette vera ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsvillig med gode kommunikasjonsevne
  • Handlings- og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Nøyaktig og strukturert
  • Vere engasjert i fagfeltet, nysgjerrig og kunnskapssøkande
  • Like å delta i opplæringa og formidle kunnskap 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Stillinga er ei dagstilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829 , nina.marie.namtvedt@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 5166596363

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 09.11.2026

Søknadsfrist: 09.09.2026

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Laboratoriemedisin

Firmaets beliggenhet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillinger

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 474527767
  • Sist endret: 25.8.2026, 09:44
  • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse