FINNJobbSøkVestlandBergen
Bilde fra arbeidsgiver
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Diabetessjukepleiar

Helse Bergen HF

  • Søknadsfrist 06.09.2026
  • Ansettelsesform Fast

Diabetessjukepleiar

Vi søker ein engasjert og fagleg sterk diabetessjukepleiar til Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM). Stillinga har hovudfokus på diabetesbehandling og oppfølging av pasientar som får medisinsk teknisk utstyr i heimen.

Vi ser etter deg som har solid kompetanse innan diabetessjukepleie og som trivst i eit fagfelt i kontinuerleg utvikling. Du vil få ei viktig rolle i samhandling med kliniske miljø, pasientar og leverandørar – og vil få moglegheit til å bidra i nasjonalt anbodsarbeid.

BHM har ansvar for utlån og oppfølging av medisinsk teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar i Helse Bergen. Eininga har eit tett samarbeid med kliniske avdelingar og tilbyr òg poliklinisk oppfølging og opplæring.

Du vil bli del av eit tverrfagleg og kompetent fagmiljø som arbeider for gode og effektive pasientforløp.

Arbeidsoppgåver

Ansvarsområde:

  • oppfølging av pasientar innan diabetes og behandlingshjelpemiddel
  • tett samhandling med klinikkar, primærhelsetenesta og leverandørar
  • bidra i nasjonalt innkjøpsarbeid og oppfølging av avtalar
  • medverke til utvikling av tenesta i tråd med fagleg og teknologisk utvikling


Konkrete oppgåver:

  • handtere pasientførespurnader via telefon og Helsenorge
  • rettleie og samarbeide med kliniske miljø og førstelinjetenesta
  • gjennomføre opplæring i bruk av insulinpumper og sensorteknologi
  • dokumentere i journalsystem
  • følgje opp utstyr, forbruksmateriell og leveransar
  • bidra til kvalitetssikring og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • vidareutdanning i diabetessjukepleie
  • relevant formell utdanning og dokumentert arbeidserfaring innan diabetesbehandling kan erstatte kravet om vidareutdanning etter ei samla vurdering
  • god digital kompetanse og evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • meistrar norsk skriftleg og munnleg godt

Det er i tillegg ein fordel med:

  • erfaring med avanserte insulinpumper og sensorteknologi
  • erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • erfaring med innkjøpsprosessar, avtaleoppfølging eller liknande arbeid

Personlege eigenskapar

  • arbeider strukturert og systematisk
  • har høg gjennomføringsevne og evnar å følgje opp oppgåver over tid
  • trivst i eit fagfelt i endring og held deg fagleg oppdatert
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • ei spennande stilling i eit framtidsretta fagfelt i rask utvikling
  • moglegheit til å påverke og bidra i nasjonalt arbeid
  • eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
  • fleksitid med kjernetid
  • dagarbeid med fri i helgar
  • løn etter gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Administrere lager for forbruksartikler
  • Diabetes
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Sykepleier
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

diabetessykepleier, sykepleier diabetes, diabetessjukepleiar, behandlingshjelpemidler

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Irene Morild
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 55 97 79 82
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
  • Flere stillinger fra Haukeland universitetssjukehus

2759 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Solheimsgaten 13, 5058 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 473237125
    • Sist endret: 14.8.2026, 07:10
    • Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse