Vi søker kjøkkenassistentar til barnehagane
- Søknadsfrist 6.9.2026
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 3 stillinger
Kjøkkenassistentar til barnehagar i Osterøy kommune
Som kjøkkenassistent vil du få ansvar for å planlegge og tilberede måltid til barna, gjerne saman med ei gruppe barn, og utføre praktisk arbeid knytt til måltid og hygiene. Du vil ha ei sentral rolle i den praktiske barnehagekvardagen og utgjere ein stor forskjell i kvardagen for barn og personalet i barnehagane.
Vi har fått ekstra tilskot fra staten for barnehageåret 2026-2027, og derfor er stillingane tidsbegrensa engasjement til 30.06.2027. Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.
Vi søker etter dyktige medarbeidarar som ønsker å arbeide 50% fordelt på til dømes 4 dagar. Det betyr at arbeidstida kan bli 4 t og 40 min desse dagane. Vi kan vere fleksible med tanke på dagar og tilpasse arbeidstida slik at det fungerer både for oss og for deg.
Arbeidsoppgåver
Kjøkkenassistent, arbeidsoppgåver kan vere
- planlegge sunne måltid og bestille mat
- tilberede måltid i barnehagane
- involvere barna i enkle oppgåver knytt til måltid der det er naturleg
- dekke bord og rydde opp etter måltid
- praktisk arbeid knytt til kjøkkenet og internkontroll
- stillinga kan vere knytt til ein eller fleire kommunale barnehagar
Vi tilbyr
- deltidsengasjement for barnehageåret 2026–2027
- arbeid i eitt eller fleire barnehagemiljø
- fleksibilitet i omfang og arbeidsdagar ut frå behov
- meiningsfulle arbeidsoppgåver som bidreg til god kvalitet i barnehagen
- moglegheit til å bruke eiga kompetanse i møte med barn og tilsette
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som:
- Trives med å planlegge og tilberede måltid
- Set deg raskt inn i rutinar for hygiene og praktiske arbeidsoppgåver
- har interesse for arbeid med barn og barnehagemiljø
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- kommuniserer godt og samarbeider godt med andre
- Du må legge fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling, jf barnehagelova §30.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
På Osterøy har vi fem kommunale barnehagar: Haus barnehage med om lag 60 barn, Hauge barnehage med 70 barn, Lonevåg barnehage med 100 barn og dei to minste barnehagane våre har om lag 30 barn, dvs Fotlandsvåg og Valestrand barnehage. Du kan lese meir om dei her: Barnehagane våre.
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Antall stillinger: 3
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Mat og servering
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 474466312
- Sist endret:
- Org.nr.: 974546531Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


