Kjøkkenassistent. Heltid 100%.
Helse Bergen HF
- Søknadsfrist 30.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Kjøkkenassistent til 100% fast stilling
Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.
Som kjøkkenassistent hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke kunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar.
Vi ser etter deg som er engasjert og samarbeidsorientert. Du blir motivert av å jobbe i team og ønsker å vere med på å styrke mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre.
Om oss
Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Vi har no ledig 100% fast stilling som kjøkkenassistent.
Arbeidsoppgåver
- Utporsjonering, pakking og distribusjon av næringsmiddel
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna førefallande arbeid som naturleg høyrer inn under kjøkkendrift
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
- Erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel
- Kjennskap til IK-mat
- Serviceinnstilt og imøtekommande
Personlege eigenskapar
- God orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Fagleg interesse og engasjement
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- Distribusjon av varer
- Hazard Analysis and Critical Control Points (HACCP)
- Matproduksjon i stor skala
- Oppvaskmaskin
- Pakke mat
- Rengjøring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Mat og servering, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kjøkkenassistent, kjøkkenmedarbeider, Matforsyning, assistent kjøkken
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 470488543
- Sist endret:
- Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

