FINNJobbSøkVestlandBergen
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Fagbioingeniør ved Nevro/revma lab, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

Fast stilling ∙ Bergen
  • Søknadsfrist 13.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Daglig rutinearbeid, fagansvar for poliklinikk, preanalyse og nevroimmunologiske analyser. Veiledning og dokumentbehandling.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Minimum 2 års erfaring fra medisinsk laboratorium
  • Erfaring med instrument og analyseteknikker
  • Excel
  • Beherske godt norsk muntlig og skriftlig

Hva vi tilbyr

  • Aktivt og trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • 3-delt turnusordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Fast stilling som fagbioingeniør ved Nevro/revmalaboratoriet, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS. Avdelinga er akkreditert.

Nevro/revma lab er ein av dei analytiske seksjonane og ligg i Gamle hovudbygg. Dei samarbeider med Nevrologisk- og revmatologisk avdeling og tar blodprøvar av pasientar som tilhøyrar avdelingane. Dei utfører blant anna Isoelektrisk fokusering ved bruk av kapillær- Westernblot teknikk og nevroimmunologiske analysar som t.d. gangliosidantistoff og acetylcholinreseptor antistoff, dei fleste analysane er manuelle basert på ELISA og RIA teknikk. Seksjonen har også samarbeid med Nevroimmunologisk laboratorium.

Vi har ledig fast stilling som fagbioingeniør med snarlig tiltredelse.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg rutinearbeid
  • Fagansvar poliklinikk og preanalyse
  • Fagansvar for nevroimmunologiske analysar - omfang etter avtale
  • Rettleiingsansvar for studentar, nytilsette og andre yrkesgrupper 
  • Dokumentbehandling i EK som oppdatering og skriving av prosedyrar
  • Det kan vere aktuelt å delta i innføring av nye metodar og metodevalidering
  • Ein må halde seg fagleg oppdatert innan seksjonen sitt fagområde
  • Andre arbeidsoppgåver og ansvarsområder kan tilkome stillinga ved seinare høve

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå medisinsk laboratorium
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med instrument og analyseteknikkar seksjonen nyttar
  • Må kjenna til, og  kunne nytta excel
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide målretta 
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Engasjert, strukturert og løysingsorientert  
  • Gode gjennomføringsevner 
  • Fagleg engasjert
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
  • Må trivast i eit aktivt miljø 

Vi tilbyr deg

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå
  • Stillinga inngår i 3-delt turnusordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Randi Solheim, Seksjonsleier, 55975119, randi.margrethe.solheim@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad



5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 5164634668

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.09.2026

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sted: 5021 Bergen
  • Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Laboratoriemedisin, Medisinsk teknolog

Firmaets beliggenhet

5021 Bergen

Kart
Søknadsfrist: 3 uker igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillinger

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473865632
  • Sist endret: 19.8.2026, 13:29
  • Org.nr.: 996663191Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse