FINNJobbSøkMøre og RomsdalUlstein
Ulstein kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Bibliotekmedarbeidar

Engasjement stilling ∙ Ulsteinvik
  • Søknadsfrist 4.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Utvikle samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek for å auke leselyst hos barn og unge.

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning (bibliotek, pedagogikk)
  • Erfaring frå bibliotek/skulebibliotek er ein fordel
  • Kjennskap til barn og unge sine lesevanar
  • God nynorsk framstillingsevne

Hva vi tilbyr

  • Utvikle framtidas bibliotek- og skulebibliotektilbod
  • Fagleg miljø med høve til påverknad og utvikling
  • Varierte arbeidsdagar
  • Løn etter tariff

Bibliotekmedarbeidar

Vi søker ein engasjert og framtidsretta bibliotektilsett i ei mellombels prosjektstilling på 1 år. Stillinga er ei styrking av bemanninga ved biblioteket i samband med eit utviklingsprosjekt, der målet er å vidareutvikle samarbeidet mellom folkebiblioteket og skulebiblioteka. Slik vil vi bidra til at fleire barn og unge får lyst til å lese, lære og utforske verda gjennom litteratur.

Stillinga er ei prosjektstilling på 100% (1 år) med moglegheit for forlenging dersom prosjektet blir vidareført.

Du blir ein del av bibliotekteamet og arbeider i tett samarbeid med kollegaer ved biblioteket, i tillegg til kontakt med elevar, lærarar og skuleleiing.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som knyter folkebiblioteket og skulebiblioteka tettare saman (til dømes felles leseprosjekt, forfattarbesøk, temaveker og klassebesøk).
  • Medverke til å utvikle struktur og rutinar for skulebiblioteka saman med lærarar og leiarar i skule.
  • Bidra til å utvikle skulebiblioteka som ressurs for leselyst.
  • Vere med på å vidareutvikle biblioteket som ein inkluderande møteplass for barn og unge

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, gjerne innan bibliotek, pedagogikk eller liknande.
  • Erfaring frå arbeid i bibliotek, skulebibliotek er ein fordel.
  • Kjennskap til barn og unge sine lesevanar, og interesse for litteratur og formidling til denne målgruppa.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, sjølvstendig og likar å få ting til å skje.
  • Du trivst med å arbeide saman med andre, byggje relasjonar og skape engasjement.
  • Du har eit varmt engasjement for barn og unge, lesing, kunnskap og like moglegheiter.

Vi tilbyr

  • Ei spennande moglegheit til å vere med å utvikle framtidas bibliotek- og skulebibliotektilbod i kommunen vår.
  • Eit fagleg miljø med høve til påverknad, utvikling og samarbeid.
  • Varierte arbeidsdagar.
  • Løn etter tariff. 

Kontaktinformasjon

Britt Opsahl Myrene, Biblioteksjef Ulstein bibliotek, britt.opsahl.myrene@ulstein.kommune.no

Arbeidsstad

Sjøgata 63

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune


Referansenr.: 5167528707

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 04.09.2026

Om arbeidsgiveren

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

  • Sted: Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
  • Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Arkivar og bibliotekar

Firmaets beliggenhet

Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik

Kart
Søknadsfrist: 9 dager igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473772534
  • Sist endret: 19.8.2026, 09:47
  • Org.nr.: 974617455Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse