FINNJobbSøkVestlandStad
Stad Kyrkjelege Fellesråd Avd Eid
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Organist

Fast stilling ∙ Nordfjordeid
  • Søknadsfrist 31.8.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Lede kirkemusikalsk arbeid, planlegge og gjennomføre gudstenester, korleiing og arrangement.

Kvalifikasjoner

  • Minimum 3-årig relevant utdanning
  • Allsidige orgel- og pianoferdigheter
  • Bred musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing
  • Erfaring frå kyrkjelydsarbeid
  • Medlemskap i Den norske kyrkje

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP
  • Kontorlokale i Eid kyrkjetun
  • Meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar
  • Eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø

Ledig stilling som kyrkjemusikar/organist/kantor

Er du vår nye kollega? Stad kyrkjelege fellesråd har ledig ei 100% stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar frå 01.10.26.




Hva vi ser etter

Vi søker deg som vil vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna kyrkjelydsarbeid i Eid- og Stårheim sokn.

Kvalifikasjonskrav:

  • gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig

  • gode kommunikasjonsevner og språkferdigheiter

  • gode evner til nettverks- og fellesskapsbygging

  • gode pedagogiske evner

  • minimum 3-årig relevant utdanning

  • allsidige orgel- og pianoferdigheiter

  • brei musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing

  • interesse for- og erfaring frå kyrkjelydsarbeid knytt til ulike aldersgrupper

  • medlemskap i Den norske kyrkje


Personlege eigenskapar og realkompetanse vert vektlagt føre formell kompetanse.




Arbeidsoppgaver

Som kantor/organist/kyrkjemusikar i Eid- og Stårheim sokn vil du ha ansvar for å leie det kyrkjemusikalske arbeidet i desse sokna i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige. Dette innebær m.a. å

  • planlegge og gjennomføre gudstenester, kyrkjelege handlingar, institusjonssamlingar og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med andre tilsette og frivillige.

  • vere med å leie barnekor, ungdomskor og vaksenkor saman med andre tilsette og frivillige.

  • ha ansvar for planlegging og gjennomføring av konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med sokneråd, tilsette og andre aktuelle aktørar.

  • bidra musikalsk i diakonale tiltak og tiltak innan kyrkjeleg undervisning og læring.

  • samarbeide med og støtte det øvrige musikk- og kulturarbeidet i bygdene.

  • rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan delta i song- og musikklivet i kyrkjelydane.

  • vere rådgjevar for soknerådet/fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål.

  • delta på stabsmøter og møter i andre relevante råd og utval.

  • ha ansvar for tilsyn og vedlikehald av instrument og anna musikkutstyr i kyrkja.




Vi tilbyr
  • Løn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP

  • arbeidsavtale etter gjeldande lov- og rammeverk

  • Kontorlokale i Eid kyrkjetun, tett ved Eid kyrkje

  • meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver

  • samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar

  • eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø

  • ei kommune med eit rikt og variert kulturliv

Om arbeidsgiveren

Stad kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for 20 tilsette fordelt på 12 årsverk, og Stad er tenesteområde for tre sokneprestar i full stilling. Verksemdsområdet omfattar sju kyrkjelydar og åtte kyrkjebygg. Kontora til Stad kyrkjelege fellesråd ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid og i kommunehuset i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er samlokalisert med fellesrådet. Kyrkjemusikktenesta utgjer samla 2,2 årsverk fordelt på tre stillingar.

Eid sokn har ca. 4000 medlemar og to kyrkjebygg, Eid- og Heggjabygda kyrkje. Orgelet i Eid kyrkje er opprinneleg eit orgel av J.H. Jørgensen frå 1961 som vart ombygd og montert av Bower Organs i 2015. Orgelet har 40 klingande register og totalt 3200 piper fordelt på 3 manualar og pedal. Stårheim sokn har ca. 500 medlemer og ei kyrkje, Stårheim kyrkje. Orgelet i Stårheim kyrkje er eit pipeorgel med 14 stemmer som opprinneleg er frå 1916 (www.stadkyrkje.no).

  • Sted: Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid
  • Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Menighetsarbeid, Undervisning og pedagogikk

Firmaets beliggenhet

Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid

Kart
Søknadsfrist: 5 dager igjen

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472794775
  • Sist endret: 13.8.2026, 11:11
  • Org.nr.: 977013356Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse