FINNJobbSøkMøre og RomsdalØrsta
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Tilkallingsvikar miljøstasjon

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS

  • Søknadsfrist 24.8.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Tilkallingsvikar til miljøstasjon

Vil du bli ein del av eit godt etablert team ved miljøstasjonen i Hovdebygda?
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til god kundeservice, høg kvalitet og rett sortering av avfall.

Kva vi ser etter

Vi ser etter ein fleksibel og serviceinnstilt tilkallingsvikar som kan stille opp ved behov, til dømes ved sjukdom, anna fråvær og ferieavvikling.

Miljøstasjonen i Hovdebygda har drift alle vekedagar gjennom heile året, i tillegg til kveldsope tysdagar og laurdagsope delar av året.

Vi har dirfor behov for deg som kan vere fleksibel og kan ta vakter både på dagtid, kveld og laurdag.

Viktige personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt

  • Fleksibel

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert

  • Strukturert og påliteleg

  • Gode samarbeidsevner og ikkje redd for å ta eit tak

Kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse B, også for manuell gir

  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg

  • Grunnleggjande datakunnskapar

  • Gjerne truckførarbevis (ikkje krav)

Arbeidsoppgaver

  • Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen

  • Pakke og klargjere ulike avfallsfraksjonar

  • Rydding, handtering og transportoppdrag

  • Operatør i vekta ved behov

  • Andre oppgåver, både knytt til miljøstasjonen og til VØR sitt anlegg på Melsgjerdet

Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt.

Vi tilbyr

Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag.

For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med reglement for offentlege tilsette.

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med driftsleiar Bjarne Solbakken på telefon 936 02 209, eller koordinator Steffen Myklebust på telefon 477 07 523.

Forrige bildeNeste bilde

(1/2)

  • Bilde 1 av 2 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 2 i jobbannonse-galleriet

Om arbeidsgiveren

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS har ansvar for innsamling og handtering av avfall frå alle hushaldningane.

Drifta i VØR er delt på to lokasjonar, der innsamling ute hos abonnentane er knytt mot det nye anlegget vårt på Melsgjerdet i Ørsta.

I Hovdebygda har vi miljøstasjonen og administrasjonen vår, saman med Retura Søre Sunnmøre AS.

Selskapet omsette i 2025 for 56 mill kr og har 20 tilsette.

VØR er godkjend lærebedrift og sertifisert etter ISO9001.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
  • Bransje: Renovasjon og renhold
  • Stillingsfunksjon: Renovatør
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

tilkallingsvikar, miljøstasjon, serviceinnstilt, fleksibel

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Bjarne Solbakken
  • Stillingstittel: Driftsleiar
  • Mobil: 93 60 22 09
Send SMS
  • Kontaktperson: Steffen Myklebust
  • Stillingstittel: Koordinator
  • Mobil: 47 70 75 23
Send SMS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS

6 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472777709
  • Sist endret: 10.8.2026, 11:48
  • Org.nr.: 984068085Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse