Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Ålesund

Fagarbeidar på Restaurant og matfag

Møre og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs [borgund]

  • Søknadsfrist 30.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Fagarbeidar på Restaurant og matfag

Vil du vere med og forme framtidas fagfolk innan restaurant- og matfag?
Restaurant- og matbransjen i Ålesund og på Sunnmøre er i sterk utvikling. Nye verksemder veks fram, og behovet for dyktige fagarbeidarar og lærlingar er stort. Ved Borgund vidaregåande skole utdannar vi ungdommane som skal møte dette behovet – og no ser vi etter ein engasjert fagarbeidar som vil vere med på laget.

Hos oss får du bruke fagkompetansen og erfaringa di til å skape meistring, motivasjon og yrkesstoltheit hos elevane. Gjennom praktisk arbeid på kjøkkenet, samarbeid med lokalt arbeidsliv og opplæring på skulen skal vi saman førebu elevane på læretid, fagbrev og eit framtidig yrkesliv.

Vi ser etter deg som har fagbrev og relevant erfaring frå restaurant- og matbransjen, og som ønskjer å dele kunnskapen din med ungdom. Du må trivast i møte med ulike menneske, vere ein trygg og tydeleg vaksen og ha lyst til å bidra til at elevane våre utviklar seg til stolte fagfolk for framtida.


Arbeidsoppgåver

- Å rettleie elevane, bistå faglærarane og elles andre faglege oppgåver på kjøkken/verkstad og klasserom.

Kvalifikasjonar

- Har relevant fagbrev og erfaring fra bransjen

- Har generell god IT-kompetanse

Personlege eigenskapar

- Har gode samarbeidsevner, likar å lære i lag med andre og jobbar godt i team.

- Trivst saman med og gjerne ha erfaring frå arbeid med ungdom.

- Er tålmodig og vennleg sjølv i utfordrande situasjonar.

- Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.

 

Vi tilbyr

- Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.

Anna:

- Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.

- Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

- Den som blir tilsett må levere politiattest.

Kontaktinformasjon

Sissel Brennholm, Fagleiar, 93202318

Roger Fylling, rektor, +47 93441678

Arbeidsstad

Yrkesskolevegen 20

6011 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 5152118094

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.10.2026

Søknadsfrist: 30.08.2026

Om arbeidsgiveren

Om skolen (borgund.vgs.no)


Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune. 

Skolen har til saman nesten 1000 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit ressurssenter, Nordre Sunnmøre (RNS) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund
  • Stillingsfunksjon: Mat og servering

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 472243246
  • Sist endret: 6.8.2026, 15:26
  • Org.nr.: 974576554Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse