FINNJobbSøkMøre og RomsdalFjord
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Barne - og ungdomsarbeidar/assistent SFO i Eidsdal

Oppvekst og kultur Fjord kommune, Eidsdal skule - Fjord kommune

  • Søknadsfrist 14.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i SFO

Eidsdal SFO har ledig inntil 30 prosent fast stilling på Eidsdal SFO. Vi søkar etter barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Opningstidane på SFO er fordelt slik:

  • Måndag, tirsdag, torsdag og fredag - 07:00 - 08:30 og 14:00 - 16:30
  • Onsdag - 07:00 - 16:30
  • Torsdag (partalsveker) - 07:00 - 16:30
  • Skuleferiar - 07:00 - 16:30

Det vil vere to tilsette i stillinga på SFO og det lysast no ut, etter ein person som er villig til å ta ettermiddagsvakta frå måndag - fredag. Noko meir når skulen er feriestengt.

Vil du lese meir om skulen vår kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune

Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju


    Arbeidsoppgåver

    • Leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.
    • Gje barna omsorg og tilsyn.

    Kvalifikasjonar

    • Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
    • Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
    • Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
    • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

    Personlege eigenskapar

    I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, viser initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre. 

    Vi tilbyr

    • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
    • Løn i samsvar med avtaleverk
    • Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot

    Kontaktinformasjon

    Tor Petersen, Rektor Eidsdal skule, +47 41867861

    Arbeidsstad

    Langereiten 23

    6215 EIDSDAL

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune


    Referansenr.: 5159554068

    Stillingsprosent: 25%

    Fast

    Startdato: 03.08.2026

    Søknadsfrist: 14.08.2026

    Om arbeidsgiveren

    Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

    Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

    Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

    • Sektor: Offentlig
    • Sted: Langereiten 23, 6215 Eidsdal
    • Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent

    Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

    Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

    Firmaets beliggenhet

    Langereiten 23, 6215 Eidsdal

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode: 471582678
    • Sist endret: 4.8.2026, 10:23
    • Org.nr.: 987785764Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
    Rapporter annonse