Fagarbeider /assistent 40-60%
STRYN BEDRIFTSBARNEHAGE AS
- Søknadsfrist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Stillingar ledig i Stryn Bedriftsbarnehage
Vi søke etter fagarbeider/ assistent til ei 40-60 % stilling i perioden 01.08.26 - 31.07.27. Stillinga er eit vikariat og kan kombineres med jobb som tilkallingsvikar.
Vi vurderer og tilsetting av Pedagog/ Barnehagelærar 100% frå desember 2026. Denne stillinga er fast.
Vi søkjer primært personar som har utdanning som fagarbeider eller barnehagelærar.
Andre viktige kvalifikasjonar er at du er omsorgsfull, engasjert, pliktoppfyllande, fleksibel og motivert til å jobbe i barnehage.
Vi kan tilby deg ein meiningsfull jobb saman med kompetente og gode kollegaer.
Sjølv om erfaring frå barnehage er eit pluss, vil vi gjerne høyre frå deg som har dei personlege eigenskapane vi er ute etter.
I vår barnehage står god omsorg, leik, samspel og meistring sentralt i det pedagogiske arbeidet.
Vi ser etter deg som er glad i å leike, lære og undre seg i lag med barna, som alltid er på barnas nivå og som er engasjert i jobben du gjer. Du likar å jobbe nært med både barn og vaksne, og er open for nye utfordringar, samtidig som er du er nysgjerrig på å utvikle deg både fagleg og personleg.
Viktig mantra for barnehagen er tidleg innsats gjennom systematisk arbeid, fokus på gode relasjonar og dialog.
Vi kan tilby deg eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Med oss vil du få ei unik mulighet til å vere med på å påverke barnas utvikling og læring saman med dine kollegaer og foreldra.
Du vil få opplæring og rettleiing i jobben.
Lønn er etter regulativ Private Barnehagers Landsforbund.
Du vil og få eit nærmiljø som kan by på mange flotte naturopplevingar, sommar som vinter.
Sjå gjerne meir på Visit Nordfjord sin heimeside om Stryn kommune er ukjend for deg, https://www.nordfjord.no/stryn
For å bli tilsett må du legge fram politiattest.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og vi vil sjølvsagt gje deg svar på søknaden.
Ta gjerne ein kikk på heimesida vår for å få eit lite innblikk i kvardagen vår: https://strynbedriftsbarnehage.barnehage.no/
Ferdigheter
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
- Yrkeskurs: Arbeid i barnehage
Stryn Bedriftsbarnehage 3. avdelings barnehage med eit fantastisk uteområde❤ (1/2)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stryn Bedriftsbarnehage er ein privat barnehage som vart stifta i 1992.
Barnehagen er drifta som eit aksjeselskap og har eit godt rykte i lokalsamfunnet.
Vi har tre avdelingar fordelt på Rødhette, Blåmann og Storavdeling.
Barnehagen har venteliste.
Barnehagen er open heile sommaren og kunn stengt i romjula.
Dette er eit gode både for foreldra og dei tilsette.
Vi ynskjer å vere ein trygg, god og framtidsretta barnehage for barn, foreldre og tilsette.
Heilt sidan oppstarten i 1992 har det vore viktig for barnehagen å framstå som brukarvenleg, serviceinnstilt og fleksibel.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Vikavegen 2, 6783 Stryn
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent, Barnehagelærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
assistent, vikariat, barnehagelærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 470404280
- Sist endret

