Finansielle Rådgivere
Sparebanken Norge
- Frist 16.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å jobbe som økonomisk sparringspartnar og utgjere ein forskjell i framtidas sparebank?
Finansielle rådgivarar til Førde
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil difor kunne påverke og bidra i avgjersler hos oss.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
Om kontoret og laget
I Førde er vi eit energisk og engasjert lag som jobbar tett saman for å skape dei beste kundeopplevingane basert på høg kompetanse, kort responstid og framoverlente rådgivarar. Vi har ei sterk lokal forankring i Sunnfjord og er stolte av rolla vi spelar – både for kundane våre og for lokalsamfunnet.
På teamet er vi i dag 7 rådgivarar på privatmarknaden: 6 finansielle rådgivarar og 1 forsikringsspesialist. Vi sitter saman med 4 dyktige rådgivarar på bedrift og 2 eigedomsmeklarar, som vi samhandlar tett med for å tilby kundane våre alt dei treng av finansielle tenester.
Arbeidsmiljøet vårt er prega av høgt momentum, sterk fagleg kompetanse og korte avgjerdslinjer med lokal avgjerdskraft. Teamet er ein uredd gjeng med tydelege ambisjonar, og ynskje om å kontinuerleg utfordre og utvikle kvarandre, både fagleg og personleg.
Vi bygger vidare og skal styrke laget vårt med fleire rådgivarar. Difor ser vi etter deg som ønskjer å vere ein drivar for vidare vekst i Førde.
Kva går jobben ut på?
Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi – for i dag og for framtida. Det er oss kundane ringjer når dei treng gode råd, ein som jobbar for å finne dei beste løysingane for akkurat deira familieøkonomi eller tydelege råd når kunden sjølv ikkje veit kva han eller ho treng. Vi bryr oss om kundane våre og går den ekstra mila når situasjonen krev det.
Som rådgivar hos oss har du ansvar for din eiga portefølje. Du møter kundane i alle kanalar, men primært gjennom fysiske eller digitale møte eller på telefon. Du arbeidar aktivt med å byggje gode og langsiktige relasjonar, der den viktigaste jobben din er å hjelpe kunden i store økonomiske val gjennom kvalifiserte råd og de beste finansielle løysingane, enten det gjeld sparing, lån eller forsikring. Vi skal levere kvalitet og personleg rådgiving, og vi ser etter deg som har det same engasjementet.
Det er eit krav til alle finansielle rådgivarar i Sparebanken Norge å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men det er ikkje eit krav for å søkje. Banken vil legga til rette for å tileigna seg naudsynt kunnskap via autorisasjon og opplæring.
Vi oppfordrar både personar med bankerfaring og personar i nærliggande yrker som inneheld kreditt/rådgiving/sal om å søke på stillinga hos oss.
Kven er du?
Hos oss legg vi stor vekt på å skape gode kundeopplevingar. Vi ser etter deg som er god på å byggje lange relasjonar og som har eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog. Du har høg arbeidsmoral, er engasjert i jobben og trivst godt i ein prestasjonskultur med sterkt fokus på leveransar.
Vi søkjer rådgivarar som likar å arbeide både sjølvstendig og som ein del av eit lag. Erfaring med rådgiving eller sal av finansielle produkt er ein fordel, og du må vere komfortabel og profesjonell i møte med kundar. Har du AFR-sertifisering og/eller høgare økonomisk utdanning er det ein fordel, men det viktigaste for oss er haldninga di og korleis du møter folk.
Vi tror du vil lukkas og trivast godt hos oss hvis du er:
- Målretta i arbeidet og blir motivert av å levere vekst og gode salgsresultat
- God til å avdekkje reelle behov hos kunden og oppteken av å tilby løysingar som skaper tryggleik i møte med kundar
- Ærlig, lojal og tillitsfull i møte med kollegaene dine
- Nysgjerrig, initiativrik og lærevillig
- Ein lagspelar som set laget først, sjølv om du også skal nå eigne mål
- Du stiller krav til dine medarbeidar og stiller opp når det trengs.
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.
Du blir del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.
I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje bare ein bank – vi byggjer eit lag. No byggjer vi det også i Førde. Vil du bli med?
Vi gleder oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med oss for en hyggeleg prat.
Arbeidsstad: Førde
Søknadsfrist: 25.08.2026
FerdigheterAI-generert
- Administrere lån
- Autorisasjon som kredittrådgiver
- Autorisert Finansiell Rådgiver
- Forsikringspolise
- Godkjenningsordningen for selgere og rådgivere i skadeforsikring (GOS)
- Porteføljeforvaltning
- Salg av finansielle produkter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Storehagen 3, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, IT
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Salg
Nøkkelord
Rådgivning, Finansielle produkt, Økonomisk rådgivning, Kundebehandling, Kundeopplevelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 469048361
- Sist endret



