Energimontør i Sogndal og Aurland
Sygnir
- Frist 2026-08-14
- Ansettelsesform Fast
I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!
Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Me har stor aktivitet og søkjer energimontør til montørbasen i Sogndal og Aurland.
Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet for å møte framtida. No treng me fleire energimontørar. På montørbasen blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit inkluderande lag som løftar kvarandre.
Kvifor Sygnir?
Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt – med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester – og treng folk som vil utvikla seg. Du blir del av eit sterkt fagmiljø som leverer trygg og stabil straum til regionen, og du bidreg direkte i det grøne skiftet.
Dette vil du jobbe med
Som energimontør hos oss jobbar du med bygging, montasje og dokumentasjon av høg- og lågspent anlegg, kabelanlegg, nett- og transformatorstasjonar og linjenett. Du deltek i drift, vedlikehald, inspeksjon og befaring av anlegg, og kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her får du faglege utfordringar som utviklar deg.
Kva me ser etter
- Fagbrev som energimontør
- Førarkort klasse B (BE og C er ein fordel)
- Erfaring frå arbeid i felt
- At du jobbar trygt, strukturert og tek HMS på alvor
- Fleksibel og komfortabel med ulike fagområde (høgspent, lågspent, nettstasjon)
- Fagleg engasjert og nysgjerrig
- Ein lagspelar som inkluderer andre og bidreg til godt miljø
- God til å rettleia og følgja opp lærlingar
Kva me kan tilby
Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn. Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget.
Bli ein del av noko større
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, som sørgjer for stabil straum til over 14 000 kundar i Sogn. Straumnettet vårt går gjennom noko av det mest spektakulære – og bratte – terrenget i landet, og me er leiande på trygg jobbing i slike forhold.
Vil du bruke kompetansen din på ein jobb som verkeleg betyr noko? Då vil me gjerne snakka med deg!
Spørsmål om stillinga i Sogndal? Ta kontakt med baseleiar Martin Hove tlf. 948 56 606.
Spørsmål om stillinga i Aurland? Ta kontakt med seksjonsleiar Daniel Meisterplass tlf 90827356
Me tek imot søknader som normalt, men forstår om du helst vil sleppe å skrive. Send sms til Martin eller Daniel og vi tek kontakt for ein uformell prat, alternativt ein e-post til martin.hove@sygnir.no eller daniel@sygnir.no
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
FerdigheterAI-generert
- 4_Elektroinstallasjoner (bygg)
- Elektriske høyspenningsinstallasjoner
- Elektriske installasjoner (drift og vedlikehold)
- Environment, Health and Safety (EHS)
- Installasjon av kabler
- Lavspenning
- Transformatorkunnskap
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 150 ihuga medarbeidarar.
Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi.
Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektronikkmontør
Nøkkelord
Energi, energimontør, Høgspent, Kraft, montør
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468771037
- Sist endret
