Driftsleiar - Settefiskanlegg
Eide Fjordbruk
- Frist 2026-07-24
- Ansettelsesform Fast
Ta del i å setje standarden for framtidas havbruk
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.
Me søkjer no driftsleiar til settefiskanlegget vårt K.J Eide
Som driftsleiar ved settefiskanlegget får du ei sentral rolle med ansvar for den daglege drifta, produksjonen og oppfølging av medarbeidarane ved anlegget. Du skal leggje til rette for ei trygg, effektiv og berekraftig drift, og vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar, kvalitetssystem og resultat.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Planleggje og koordinere den daglege drifta
- Leie og følgje opp medarbeidarar, og bidra til ein god HMS-kultur
- Sikre etterleving av interne rutinar og kvalitetssystem
- Følgje opp produksjonsdata, rapportering og dokumentasjon
- Rapportering
- Bidra til utvikling av verksemda og realisering av strategiar og målsetjingar
- Bidra til godt samarbeid på tvers av lokalitetar og produksjonsledd
Kven me ser etter?
Me ser etter deg som trivst med ansvar, motiverast av å leie andre og ønskjer å bidra til ei trygg, effektiv og berekraftig drift. Du er strukturert, tek initiativ og skaper gode resultat gjennom samarbeid og god oppfølging.
Personlege eigenskapar er vel så viktige som formell kompetanse. For oss er det viktig at du identifiserer deg med verdiane våre - uredd, bevisst og nytenkjande.
Ynskte kvalifikasjonar og eigenskapar
- Har fagbrev eller utdanning innan akvakultur, eller anna relevant erfaring
- Erfaring frå havbruksnæringa
- Leiarerfaring eller erfaring med koordinering og oppfølging av medarbeidarar er ein fordel
- Er oppteken av berekraft, fiskevelferd og god produksjon
- Bidreg til ein god HMS- kultur og arbeider strukturert
- Tek ansvar, viser initiativ og har god gjennomføringsevne
- Samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som driftsleiar hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Frøydis Dale +47 918 61 087 / froydis.dale@efb.no
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å sette standarden for framtidas havbruk.
FerdigheterAI-generert
- Akvakultur
- Data Reporting
- Drifte og optimalisere produksjonslinjer
- Fiske og akvakultur
- Fiskevelferdsforskrifter
- Kvalitetsstyringssystem
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Støavegen 98, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Ledelse, Produksjon
Nøkkelord
Oppdrett, Settefisk, Ledelse, Personalledelse, Driftsleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468765721
- Sist endret

