Driftsoperatør
TUBILAH AS
- Frist 12.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Driftsoperatør
Vi søkjer driftsoperatør til vårt oppdrettsanlegg på Folderøyholmen (Bømlo) i 12/9 turnus.
Kveiteoppdrett er ei næring i utvikling med kjekke og varierte arbeidsoppgåver. Har du lyst å vera med på laget ?
Vi ser spesielt etter deg som:
likar å jobba med fisk og er nysgjerrig på å læra meir
ser på HMS som ein naturleg del av kvardagen
er ein lagspelar som deler kunnskap og erfaringar for å spela andre gode
har teknisk sans, og auga for praktiske løysingar
omgjengeleg
trives med utendørsarbeid i all slags vær
Arbeidsoppgåver:
dagleg drift av anlegget
vedlikehald av anlegg, båtar og utstyr
røktararbeid
delta i utviklingsaktivitetar
Ynskjelege kvalifikasjonar:
utdanning/fagbrev eller erfaring innan fiskeoppdrett er ein fordel
teknisk erfaring
D6 og kranførarkurs er ein fordel
Stillinga inngår i gjeldande turnus- og vaktordning. 12/9 turnus (12 dagar på, og 9 dagar fri). Vakt første veka i turnusen. Du må ha adresse 30 min frå oppdrettsanlegget på Folderøyholmen.
Vi kan tilby:
turnus og varierte dagar i nydelege omgivelsar
nødvendige kurs til stillinga
ein solid jobb i ei fremtidsretta næring, i eit selskap med store ambisjonar
Stillinga rapporterer til driftsleiar.
Ta kontakt med driftsleiar Vaidas Zarnauskas tlf. 46377059 eller driftsoperatør/ass.driftsleiar Sephora Jebelli tlf. 41480187 for meir informasjon.
Tiltreding etter avtale.
Ferdigheter
- Akvakultur
- Fiskeoppdrett
- Servicearbeid
- Teknisk innsikt
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Tubilah AS er ein leiande produsent av oppdrettskveite i Noreg og har etablert seg som ein innovativ aktør i bransjen. Med utvikling av ny teknologi for produksjon i lukka anlegg, har vi landbasert tilvekstanlegg i Sogn og sjøanlegg på Bømlo.
Vi er i ein spanande vekstfase. Dette krev ei styrka biomasse, fleire konsesjonar, og nye lokalitetar, i tillegg til engasjerte og dyktige kollegaer som vil vera med på denne reisa mot framtida.
- Sektor: Privat
- Sted: Austbøvegen 26, 5420 Rubbestadneset
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
oppdrettsanlegg, kveiteoppdrett, driftsoperatør, utvikling, utstyr
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467464160
- Sist endret

