100% fast stilling som fagarbeidar
Bjørnafjorden kommune Eigedom drift
- Søknadsfrist 12.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og ta vare på kommunen sine bygg?
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Eigedom Drift har ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av ein stor og variert bygningsmasse i Bjørnafjorden kommune. Dette omfattar mellom anna skular, barnehagar, rådhus, administrasjonsbygg, omsorgsbygg, utleigebustader og andre kommunale bygg.
Dette er ei nyoppretta stilling som skal vere ein viktig og fleksibel ressurs for Eigedom Drift. Medarbeidaren vil bidra på tvers av fagområde og bygg, og styrkje laget der behova til ei kvar tid er størst til dømes ved sjukefråvær, redusert bemanning eller i periodar med ekstra mange oppgåver.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og kan mellom anna omfatte:
- drift, vedlikehald og mindre reparasjonar i kommunale bygg og utleigebustader
- betena SD-anlegg i bygga
- oppfølging av feil, manglar og driftsoppgåver meldt inn via kommunen sitt FDV system
- dialog med brukarar, leigetakarar, skular, barnehagar og andre kommunale einingar
- samarbeid med andre faggrupper i Eigedom Drift og eksterne leverandørar.
- bidra til god dokumentasjon, orden og systematisk oppfølging av utført arbeid
- delta i tverrfaglege oppgåver og bidra der behovet er størst.
Stillinga er ambulerande, og arbeidsdagen vil i stor grad gå føre seg ute på ulike kommunale bygg og bustader.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har fagbrev innan eitt eller fleire relevante fagområde, til dømes:
- tømrar, røyrleggar, elektrikar, automatikar, murar, byggdriftar, etc.
- eller anna relevant teknisk/praktisk fagutdanning
- krav om førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har:
- erfaring frå drift og vedlikehald av bygg
- god praktisk forståing og evne til å løyse varierte oppgåver
- gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver
- er praktisk anlagt og løysingsorientert
- er serviceinnstilt og har god evne til å møte ulike brukarar
- samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
- er fleksibel og trivst med varierte arbeidsdagar
- har god orden, struktur og forståing for kvalitet i arbeidet
- ha god teknisk forståing
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- ein variert og samfunnsnyttig jobb i ein viktig kommunal teneste
- arbeidsdagar med stor breidde i oppgåver og faglege utfordringar
- godt fagmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer i Eigedom Drift
- moglegheit til å bidra til trygge og gode bygg for innbyggjarar, barn, unge, tilsette og leigetakarar
- lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Ferdigheter AI-generert
- Drift og tilsyn av eiendommens tekniske anlegg
- Drift og vedlikehold
- Murer (AMO)
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Murmester, Snekker/Tømrer
Nøkkelord
fagarbeider, eigedom, drift, bygg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468763705
- Sist endret





