Sjukepleiar / Vernepleiar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen
- Frist 04.08.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar/vernepleiar med ønske å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.
Vi har 2 ledige 100 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar. Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.
For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen.
Kvifor velje oss?
- Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
- Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver ingen dag er lik!
- Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
- Du får bruke kompetansen din der behovet er størst
- Du blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar
Arbeidsstad
Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
- Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon
- Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
- Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert
- Har gjerne relevant vidareutdanning
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen
- 100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaer
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helg
- Vi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- E-læring
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Grunnleggende sykepleie
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Leitet 22, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
Sykepleier, Vernepleier, Eldreomsorg, Hjemmetjeneste, Helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465809190
- Sist endret

