Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Vindafjord

Lærarstilling, spesialpedagog (60-80 % fast) - Ølen vgs

Rogaland fylkeskommune

  • Frist 03.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Undervisningsstilling i vidaregåande skule – bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid

60-80 % fast stilling som spesialpedagog

Frå 01.08.26 er det ledig 60-80 % stilling som spesialpedagog ved Ølen vidaregåande skule.

Krav til stillinga:

  • Godkjend pedagogisk utdanning 
  • Relevant fagkompetanse i fellesfag (matematikk, engelsk, naturfag, norsk)                    
  • Godkjend politiattest

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Spesialpedagogisk utdanning

Me treng ein ny medarbeidar med fagleg breidde og spesialpedagogisk kompetanse. Undervisningserfaring frå grunnskule er å føretrekkje. For å lukkast i arbeidet med elevar som har faglege - og andre utfordringar, vil personlege eigenskapar ha særleg stor betydning, og vert vektlagt ved tilsetjing.

For stillinga gjeld:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk

Korleis søkje:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Ferdigheter
AI-generert

  • Norsk
  • Undervise i matematikk

Om arbeidsgiveren

Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.

Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?

Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule med 320 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring  i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.

Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel. 

For meir info: www.olen.vgs.no

Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig. Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Litlehagen 2, 5580 Ølen
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Rogaland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Håheim, Ingelin
  • Stillingstittel: Avdelingsleder
  • Mobil: 97 65 35 01
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Rogaland fylkeskommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Rogaland fylkeskommune

2299 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Litlehagen 2, 5580 Ølen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468597070
  • Sist endret 1.7.2026, 14:13
Rapporter annonse