Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sogndal
Bilde fra arbeidsgiver

Automasjonsingeniør

Lerum AS

  • Frist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Bli med i eit prosjekterande team som feilsøker, vedlikeheld og utviklar produksjonen i Lerum

Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus.

Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der både fjerde og femte generasjon Lerum no er eigarar. I 2025 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 936 mill. kroner og 137 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland.

Lerum søkjer etter automatiker eller automasjonsingeniør. Stillinga vil ha hovudvekt på drift, vedlikehald og feilsøking, og du vil få arbeide prosjektorientert med utvikling, modernisering og optimalisering av automasjonsløysingar i fabrikken

Vi er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune, og omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.

Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land, men prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.

I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling og er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre feilsøkjing, service, installasjonar og reparasjon av anlegg, maskiner og utstyr

  • Bidra til å forbetre og optimalisere vedlikehaldsoppgåver

  • Arbeide tett på produksjonsavdelingane for å sikre kvalitet og driftstid

  • Delta aktivt i fabrikkens forbedringsarbeid

  • Delta i prosjektplanlegging og gjennomføring

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som automatiker, eller høgare utdanning innan automasjon, elkraft eller liknande fagområde

  • Erfaring frå industri eller produksjonsverksemd er ønskjeleg

  • Kjennskap til PLS-programmering er ein fordel

  • Erfaring med Simatic Manager, TIA Portal eller tilsvarande automasjonssystem er positivt, men ikkje eit krav

  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

  • Kjennskap til HMS og korleis ulike arbeidsoppgåver utførast på ein trygg og sikker måte

Personlege eigenskapar:

  • Evna til å jobbe strukturert, både sjølvstendig og i team

  • Serviceorientert

  • Ansvars- og kvalitetsbevisst

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

Lerum tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Eit godt arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige kollegaer

  • Spennande og varierte oppgåver i ein moderne fabrikk

Lyst til å høyre meir om stillinga?

Ta kontakt med oss for en hyggelig prat
Jorunn Skrede Klakegg - 982 40 361 / jorunn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no

Alle søknadar vert handsama fortløpande.

Ferdigheter

  • Automasjon
  • Diagnose og feilsøking av elektriske og elektroniske komponenter
  • Industriell produksjon
  • Maskinvedlikehold (prosessindustri)
  • Reparasjon og vedlikehold av maskiner og utstyr

Om arbeidsgiveren

Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar. I 2025 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 936 mill. kroner og 137 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.

Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land. Vi prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.

I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling. Vi er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå våre leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.

BEREKRAFT SIDAN 1907

«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.

Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.

Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.

Lerum frå Sogn - kjærleik til frukt og bær.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Matvareproduksjon og -industri
  • Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Industri, Teknisk personell
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

feilsøking, installasjon, prosjekt, vedlikehold, automasjonsingeniør

  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
Lerum AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jorunn Skrede Klakegg
  • Stillingstittel: Partner / Rådgjevar
  • Mobil: 98 24 03 61
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Daniel Dvergsdal
  • Stillingstittel: Partner / Rådgjevar
  • Mobil: 90 47 94 70
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med VISERE AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra VISERE AS

422 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468170330
  • Sist endret 29.6.2026, 18:29
Rapporter annonse