Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Austevoll

Miljøterapeut

Austevoll kommune

  • Frist 19.07.2026
  • Ansettelsesform Prosjekt

Bli miljøterapeut i Austevoll kommune! Engasjer deg for barn og unge i eit fagleg utviklingsmiljø.

Om arbeidsstaden

Vil du vere med å utvikle ei ny, heilskapleg teneste for barn, unge og familiar?
Austevoll kommune etablerer no ei ny tverrfagleg eining for barn, unge og familie. Eininga samlar helsestasjon- og skulehelsetenesta, barnevern, PPT, jordmortenesta og kommunepsykolog og familieterapeut. Målet er å styrke tidleg innsats og samarbeid og sikre tidleg og meir koordinert oppfølging og hjelpetiltak.

Vi søker no ein engasjert og fagleg sterk miljøterapeut som vil ha ei viktig rolle i dette arbeidet.

Om stillinga

Ledig prosjektstilling som miljøterapeut i 50 % frå 1. august 2026 til 31.12.2027 med moglegheit for forlenging

Som miljøterapeut vil du jobbe på tvers av fagområda i eininga og bidra inn i oppfølging av barn, unge og familiar med samansette behov. Stillinga er organisatorisk plassert i helsestasjon- og skulehelsetenesta, men oppgåvene er retta mot heile eininga.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av barn, unge og familiar i kvardagen
  • Miljøterapeutisk arbeid i heim, barnehage, skule og fritid
  • Delta i og bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til tidleg innsats og førebyggande arbeid
  • Foreldrerettleiing - støtte føresette i foreldrerolla
  • Delta i utvikling av nye arbeidsformar i eininga

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning (til dømes vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom og sjukepleiar)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
  • Rettleiingskompetanse er ønskeleg
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert
  • Du trivst med samarbeid på tvers av fag og tenester
  • Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du har eit sterkt engasjement for barn og unge

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i ei ny og utviklingsretta eining
  • Høve til å påverke og forme tenestetilbodet
  • Sterkt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenester
  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
  • Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Austevoll kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Hege Iren Austevoll
  • Stillingstittel: Leiar Helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Mobil: 92 20 19 90
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Austevoll Kommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Austevoll Kommune

80 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467865332
  • Sist endret 23.6.2026, 13:16
Rapporter annonse