Dagleg leiar
ØKORÅD FJORD AS
- Søknadsfrist 15.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS – bli med på reisa vår vidare framover!
ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre.
Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane.
Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid. Vi ventar at dette både vil halde fram og auke. For å vere med på å leie denne utviklinga, med dei moglegheitene og omstillingane dette ber med seg, ønskjer vi ein driftig og engasjert leiar som ønskjer å ta styringa over eit framtidsretta rådgjevings- og rekneskapskontor.
Dette er stillinga for deg som får folk med deg, ser moglegheiter, liker utfordringar og det å skape utvikling i lag med medarbeidarar, kundar og partnarar – og vere i front i utviklinga til bransjen.
Oppdraget ditt er å:
Skape framleis god drift i ein organisasjon og bransje i rask endring
Lyfte blikket og setje ei tydeleg retning for vidare utvikling
Følgje med på teknologiske trendar innan bransjen og sjå kva moglegheiter det kan gje
Drive utvikling og identifisere kvar digitalisering kan nyttast – til det beste for selskapet og kundane
Bidra til å byggje ein kultur der folk trivst, presterer og ønskjer å utvikle seg
Vere tett på folk, kundar og samarbeidspartnarar, og gjennomføre avgjerder
Sjå menneska og halde fram med arbeidet med å byggje ein god kultur og struktur
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
Har leiarerfaring og har stått i utviklings- og omstillingsprosjekt før
Gjerne har erfaring frå rekneskaps- eller rådgjevingsbransjen
Evnar å kombinere menneskeforståing og gjennomføring
Er trygg nok til å vere tydeleg, og klok nok til å lytte
Har god innsikt i økonomi, marknad og leiing av kompetanseverksemder
Det viktigaste: Du får ting til å skje og ser menneska.
Du får reell påverknadskraft – du kjem inn i eit selskap med eit solid fagmiljø og potensial for utvikling.
Du får jobbe med eit konkret og spennande oppdrag: å gripe moglegheiter og gjere organisasjonen endå meir framtidsretta.
Rammer:
Personalansvar for ca. 30 medarbeidarar
Arbeidsstad Nordfjord/Sunnmøre
Tett samarbeid med styret
Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.
Vi har gode pensjonsordningar.
Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding, men oppstart blir etter nærare avtale.
Søknad og CV sendest til linda.gjerde.myren@okoraad.no innan søknadsfristen: 15.08.2026.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Linda Gjerde Myren på telefon 48142530 eller e-post linda.gjerde.myren@okoraad.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre.
Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane.
Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid. Vi ventar at dette både vil halde fram og auke.
- Sektor: Privat
- Sted: Sjøgata 4, 6770 Nordfjordeid
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dagleg leiar, leiing, rekneskap, rådgjeving, teknologiske trendar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467864693
- Sist endret



