Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord

Helsefagarbeidar

Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde

  • Frist 30.6.2026
  • Ansettelsesform Engasjement

Barn og unge sengepost og poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig engasjementstilling som helsefagarbeidar.

Periode: 01.09.2026 - 30.04.2027.

Grunna permisjon og pågåande omorganisering og tenesteutvikling i avdelinga, har vi ledig ei engasjementstilling som helsefagarbeidar. Tidlegare var stillinga knytt til poliklinisk drift, men sengepost og poliklinikk er no samlokalisert i same etasje og organisert i ein felles seksjon: Barne og ungdom, sengepost og poliklinikk.

Endringar i drift kan påverke innhald og organisering av stillinga. Stillinga vil derfor kunne nyttast i både poliklinikk og sengepost, avhengig av behov.

Helse Førde er i ein prosess med vidare tenesteutvikling, og framtidig organisering av seksjonen og tilhøyrande oppgåver er ikkje endeleg avklart. Stillingsinnhald  kan derfor bli justert i tråd med utviklinga i tenesta. 

Om avdelinga
Barne og ungdom, sengepost og poliklinikk, er ein spennande og variert seksjon med eit breitt fagfelt. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.

Poliklinikken gir medisinsk utgreiing og oppfølging. Dei mest vanlege diagnosane er innan: astma og allergi, diabetes og endokrinologi, mage–tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.

Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, samt premature og sjuke nyfødde.

Ved tilbod om tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.


Arbeidsoppgåver

  • Som helsefagarbeidar hos oss vil du møte både akutte og kronisk sjuke barn og unge, og bidra i varierte oppgåver i seksjonen etter behov.
  • Arbeidet er tverrfagleg og skjer i tett samarbeid med kollegaer, pårørande og primærhelsetenesta.
  • Du deltek i daglege pasientnære oppgåver, og dokumentasjon i DIPS og Meona er ein naturleg del av arbeidet.
  • Arbeidstid er for tida dagtid.

Kvalifikasjonar

  • Dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel med erfaring frå sjukehusdrift, gjerne også med barn.
  • Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring i interne program vert gitt. 
  • Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert.

Personlege eigenskapar

  • Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Tilpassingsdyktig
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Likar å jobbe med barn og foresatte

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jorunn sollid, Seksjonsleiar Barn og unge sengepost og poliklinikk, (+47) 992 93 641

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 5146149941

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.09.2026

Sluttdato: 27.04.2027

Søknadsfrist: 30.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467099839
  • Sist endret 15.6.2026, 15:17
Rapporter annonse