Investeringsrådgjevar
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Frist 15.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bygge portefølje og skape resultat for kundane våre?
SpareBank 1 Sogn og Fjordane styrkar satsinga på sparing og investering, og no søkjer vi etter investeringsrådgjevarar.
Vil du vere med å bygge eit av dei mest spennande fagmiljøa innan sparing og investering på Vestlandet? Vi samarbeider tett med SpareBank 1 Forvaltning, eitt av dei største produkt- og forvaltningsmiljøa i landet, og har høge ambisjonar for vidare vekst.
Etterspurnaden frå kundane våre aukar, både i privat- og bedriftsmarknaden. No ser vi etter deg som vil utvikle eigen kundeportefølje, vinne nye kundar og skape resultat gjennom gode investeringsråd.
Dette får du jobbe med
- Rådgjeving og sal innan sparing og investering
- Utvikle og følgje opp eigen kundeportefølje
- Ta ein aktiv posisjon i marknaden og vinne nye kundar
- Byggje og vidareutvikle langsiktige kunderelasjonar
- Bidra til å styrkje banken si satsing på sparing og investering
Kven ser vi etter
Vi ser etter deg som har erfaring frå bank eller finans, gjerne innan investeringsrådgjeving, sparing eller kapitalforvaltning. Du motiverast av å skape resultat og byggje langsiktige relasjonar med kundane dine.
Du er kommersiell, initiativrik og har høg gjennomføringsevne. Samtidig held du deg fagleg oppdatert og evnar å omsetje marknadsinnsikt til gode råd og løysingar for kundane.
Autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel. Har du det ikkje i dag, legg vi til rette for at du kan oppnå autorisasjon.
Vi veit at gode lag blir skapte av ulike folk, og vi oppmodar alle som kjenner seg igjen i dette til å søkje, uavhengig av bakgrunn, alder, kjønn eller funksjonsevne.
Kvifor velje oss
Du blir ein del av eit kompetent fagmiljø i vekst, med tett samarbeid med SpareBank 1 Forvaltning. Her får du moglegheit til å påverke både eigen kundeportefølje, eigne resultat og vidare utvikling i eit satsingsområde med høge ambisjonar.
Vi legg vekt på gode vilkår og ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Du får fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august, i tillegg til gode pensjons- og forsikringsordningar og funksjonærvilkår på renter. Vi tilbyr medeigarskap i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, og du får høve til å leige banken sine hytter og leilegheiter.
Kontorstad er Førde, men vi er opne for alternative plasseringar ved eitt av banken sine kontor.
Nysgjerrig?
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med leiar Sparing og investering, Jan Arne Aasen.
Vi vurderar søknader fortløpande, men tar ingen beslutning før søknadsfristen har gått ut.
Søknadsfrist: 15. juli
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
FerdigheterAI-generert
- Asset Management (Finance)
- Investeringsplanlegging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Økonomi og regnskap, Rådgivning
Nøkkelord
Sparing, Investering, Rådgiving, Bank, Økonomi
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466322746
- Sist endret



