Konsulent
Helse Førde
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Konsulent
Seksjon for Arkiv- og dokumenthandtering har ledig fast stilling som arkivkonsulent.
Helse Førde søkjer ein engasjert medarbeidar til oppgåver innan digital dokumentasjonsflyt, forvaltning og arkiv.
Seksjon for arkiv- og dokumenthandtering i Fag- og utviklingsavdelinga har mellom anna overordna ansvar for saksbehandlingssystemet Elements og det digitale arkivet. Seksjonen har ansvar for inn- og utgåande post, dokumenthandtering og digitalisering, samt forvaltning av dei fysiske arkiva i føretaket.
Stillinga som konsulent vil i hovudsak vere knytt til arbeid i Elements og digital dokumenthandtering.
Oppstart i stilling etter avtale.
Velkomen til Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Utføre daglege oppgåver knytt til dokumenthandtering, postmottak og digital arkivering
- Gi opplæring og rådgjeving til saksbehandlarar i bruk av saksbehandlingssystemet Elements
- Vidareutvikle rutiner for dokumenthandtering, dokumentflyt og dokumentasjon i Elements
- Sikre at dokumenthandtering skjer i tråd med gjeldande regelverk og lovkrav
- Utføre oppgåver knytt til fysisk arkivforvaltning
- Bidra til andre oppgåver i seksjonen ved behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, digitalisering eller tilsvarande fagområde
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- God IKT-kompetanse og erfaring i bruk av Windows og Office-pakken
- Erfaring med, og god forståing for, digitale saksbehandlingssystem og dokumentasjonsflyt
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gjerne erfaring med rettleiing og undervisning
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt og ansvarsmedviten
- Strukturert og nøyaktig
- Sjølvstendig, og trivst med å arbeide i team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Administrere arkiv
- Ansvar for varemottak og postmottak
- Dokumentasjonsforvaltning
- Elektronisk arkiv
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Microsoft Office
- Microsoft Windows
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon, Konsulent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arkiv, Dokumenthandtering, Saksbehandling, Forvaltning, Rådgjeving
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465074036
- Sist endret


