Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Gloppen
Bilde fra arbeidsgiver

CFO

Sogn og Fjordane Energi AS

  • Frist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Vil du bli CFO i eit leiande selskap innan fornybar energi?

SFE står midt i ei tid med store moglegheiter innan energi, teknologi og infrastruktur. Som CFO får du ei sentral rolle i å forme konsernet si vidareutvikling, med stor påverknad på strategiske prioriteringar, investeringar og korleis selskapet utviklar økonomifunksjonen og verksemda for framtida. Du blir del av ei kompetent leiargruppe og arbeider tett på sentrale beslutningar i skjeringspunktet mellom strategi, teknologi, økonomi og samfunnsutvikling.

Rolla har eit heilskapleg ansvar for konsernområdet Økonomi & Verksemdsstyring, inkludert finans, controlling, rekneskap, løn, juridisk, eigedom, M&A og risikostyring. Du vil leie arbeidet med budsjett, prognosar, rapportering, finansiering, etterleving og internkontroll, og sikre god verksemdsstyring i eit konsern med store investeringar og høg kompleksitet.

Vi ser etter ein tydeleg og utviklingsorientert CFO med sterk forretningsforståing og gjennomføringsevne. Du evnar å kombinere strategisk perspektiv med operativt leiarskap, og motiverast av å modernisere arbeidsformer, forenkle prosessar og å bruke teknologi og data for å styrke innsikt, kvalitet og effektivitet. Som leiar skaper du retning, bygger kompetanse og utviklar sterke fagmiljø gjennom tydelege forventningar og godt samarbeid med base i våre leiarprinsipp: Tilgjengeleg, Nysgjerrig, Pådrivar og Ansvarleg.

Vi trur du har relevant høgare utdanning innan økonomi/finans, gjerne som siviløkonom. Du har erfaring frå økonomi- og finansleiing i komplekse verksemder, og god forståing for verksemdsstyring, finansiering, investeringsanalysar og regulatoriske rammevilkår. Erfaring frå kraftbransjen eller annan kapitalintensiv verksemd vil vere ein fordel.

Som CFO i SFE får du ei rolle med breitt mandat, høg påverknad og stor nærleik til strategiske beslutningar i eit selskap med viktig samfunnsrolle og sterk regional forankring. Vi legg til rette for fagleg og personleg utvikling, og vi er stolte av eit arbeidsmiljø der trivsel, fellesskap og samarbeid er blant våre største styrkar. Verdiane våre – stolt, frisk og ekte – pregar måten vi jobbar på. Vi håpar du vil vere med oss og utvikle den fornybare framtida.

Arbeidsstad er Sandane.

Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.

For nærare informasjon om stillinga kontakt Visindi v/ Nils Jørgen Tømmerås, tlf. 971 84 166, Frode Hepsø Johansson, tlf. 992 21 300, eller Emma-Pauline Fleischer, tlf. 468 08 041. Alle henvendingar blir behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor SFE i innleiande fase.

Søknadsfrist: Snarast.

Søknad og CV last opp på www.visindi.no.

Ferdigheter

  • Budsjettarbeid
  • Controlling
  • Finansieringsløsninger
  • Internkontroll
  • Investeringsanalyse
  • Juridisk kompetanse
  • Mergers & Acquisitions (M&A)
  • Risikostyring

Om arbeidsgiveren

For å kutte i fossile utslepp og nå klimamåla, er Noreg – og verda – avhengige av meir fornybar energi. Som eitt av dei største kraftselskapa på Vestlandet er SFE ein aktiv aktør i denne omstillinga.

Vi produserer fornybar energi kvar dag – og utviklar ny kraft for framtida. Samtidig jobbar vi systematisk for å skape mest mogleg verdi av produksjonen gjennom god drift, riktige investeringar og presis marknadsagering – med mål om å sikre verdiskaping for eigarane våre og utvikling i regionen vi er ein del av.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
  • Bransje: Industri og produksjon, Kraft og energi, Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomi og regnskap
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

finans, analyse, økonomidirektør, teknologi, ledergruppe

(1/3)

  • Bilde 1 av 3 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 3 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 3 i jobbannonse-galleriet
Sogn og Fjordane Energi AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Nils Jørgen Tømmerås
  • Stillingstittel: Partner
  • Mobil: 97 18 41 66
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Frode Hepsø Johansson
  • Stillingstittel: Partner/Leder Trondheim
  • Mobil: 99 22 13 00
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Sogn og Fjordane Energi AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Sogn og Fjordane Energi AS

4593 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465702811
  • Sist endret 2.6.2026, 13:00
Rapporter annonse