Dagleg leiar
TECNO VVS AS
- Frist 21.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie vidareutviklinga av eit solid teknisk fagmiljø med sterk lokal forankring?
Tecno VVS er ein viktig aktør i regionen, med dyktige fagfolk, sterk marknadsposisjon og eit godt fundament for vidare utvikling. Selskapet har vakse over tid, og står no framfor ein ny fase der struktur, samhandling, system og leiing skal vidareutviklast, utan å miste den praktiske, jordnære og løysingsorienterte kulturen som kjenneteiknar verksemda.
Vi søkjer ein trygg, synleg og samlande dagleg leiar som kan vere tett på både folk, drift, kundar og prosjekt. Du får ansvar for å vidareutvikle eit solid selskap med høg fagkompetanse, stort engasjement og ei viktig rolle i lokalsamfunnet.
Som dagleg leiar vi dine hovudoppgåver vere:
- overordna ansvaret for drift, utvikling og resultat i selskapet
- setje retning og sikre god gjennomføring i heile organisasjonen
- vidareutvikle struktur, system, rutinar og arbeidsprosessar
- sikre god økonomistyring, prosjektoppfølging og lønsemd
- vere ein synleg og tilgjengeleg leiar for medarbeidarar og nøkkelpersonar
- styrke samhandling mellom fagområde, avdelingar og lokasjonar
- utvikle prosjekt- og serviceverksemda vidare
- bidra til god kapasitetsstyring og rett prioritering av oppdrag
- vidareutvikle samarbeidet med kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar
- bidra aktivt i Fuglafjell-samarbeidet og andre strategiske samarbeid
- representere Tecno VVS ut mot marknaden, lokalsamfunnet og relevante utdanningsmiljø
- samarbeide tett med styret og eigarane om vidare strategisk utvikling
Vi ser etter deg som har:
- relevant høgare utdanning, gjerne innan tekniske eller økonomiske fag
- erfaring frå leiarrolle med personal- og resultatansvar
- god forretningsforståing og trygg økonomisk innsikt
- erfaring frå prosjektverksemd, entreprenørverksemd, tekniske fag eller nærliggjande bransjar
- forståing for prosjektøkonomi, kontraktar, risiko og gjennomføring
- evne til å utvikle struktur, system og gode arbeidsprosessar
- erfaring med å leie fagfolk og byggje sterke lag
- god kommersiell forståing og evne til å utvikle kundar og samarbeid
Erfaring frå verksemd med fleire lokasjonar eller kombinasjon av prosjekt- og serviceleveransar vil vere ein fordel.
Vi ser etter ein leiar som kan vidareutvikle Tecno VVS på ein kontrollert og framtidsretta måte. Du evnar å skape retning, tryggleik og motivasjon, samtidig som du styrkjer samhandling, gjennomføringsevne og økonomisk kontroll. Du har respekt for det som fungerer godt i dag, men også drivkraft til å utvikle organisasjonen vidare. For å lukkast i rolla trur vi du er ein tydeleg og tillitsskapande leiar som trivst tett på både folk og drift. Du er strukturert og handlekraftig, har god gjennomføringsevne og byggjer naturleg relasjonar på tvers av fagområde og lokasjonar. Samstundes har du kommersiell forståing og eit langsiktig perspektiv på utvikling av både verksemda og menneska i ho.
Vi tilbyr ei sentral leiarrolle i eit solid selskap med sterk lokal forankring, høg kompetanse og gode utviklingsmoglegheiter. Du vil arbeide tett på dyktige medarbeidarar, eigarar og samarbeidspartnarar, og få høve til å påverke vidare utvikling av eit selskap med stor betydning for lokalsamfunnet og regionen. Arbeidsstad er Norheimsund eller Voss. Det må påreknast noko reiseaktivitet mellom lokasjonar, kundar og prosjekt.
For nærare informasjon kan du ta kontakt med våre rådgjevarar i Bønes Virik Executive Search AS, Anne S. Posner / 906 91 846 eller Arild Mjøs Andersen / 916 06 509. Søknadsfrist: 21.06.2026.
FerdigheterAI-generert
- Handelsutdanning
- Kapasitetsstyring
- Økonomistyring
- Prosjektøkonomi
- Risikostyring
- Service Management
- Strategisk systemutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Tecno WS AS er ei solid og tradisjonsrik verksemd med hovudkontor i Norheimsund og avdelingar pa Voss og Lærdal/Aurland. Selskapet har brei kompetanse innan utføring av sanitrer, varme og ventilasjonsan/egg, og tilbyr komplette løysingar innan VVS, service, rehabilitering, varmelenergi, butikk og totaltekniske leveransar Tecno VVS er medlem av Bademiljø-kjeda og har butikk i Sandvenhagen i Norheimsund. Tecno VVS er og ein sentral samarbeidspart i Fuglafjell AS, ein lokal totalentreprenør tufta pa samarbeid mellom sterke fagmiljø. Gjennom Fuglafjell bidreg Tecno VVS med utføring innan tekniske fag i større totalentreprisar i regionen. Les meir pa www.tecnoccs.no og www.fuqlafiell.no
- Sektor: Privat
- Sted: Gamle Dalavegen 84, 5600 Norheimsund
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg, VVS
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Teknisk service
Nøkkelord
Lederansvar, Leder- og organisasjonsutvikling, Strategi og ledelse, Forretningsutvikling, Personalledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466037283
- Sist endret
