Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Øygarden

3 * 100% fast stilling i innsatsteamet, Heimetenesta

Øygarden kommune

  • Frist 19.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Heimetenesta

Om avdelinga: 

Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste ei teneste som er heilskapleg, førebyggjande og tett på brukarane. No etablerer vi eit nytt team i tenesta. Vi søkjer fagpersonar som vil vere med og forme gode pasient- og brukarforløp.

Arbeidet vårt er forankra i verdiane omsorg, livsglede, mot, rausheit og engasjement verdiar vi ønskjer skal vere tydelege i møte med brukarar, pårørande og kollegaer.

Om innsatsteamet:

Teamet skal arbeide tidsavgrensa og intensivt med brukarar som har behov for kartlegging, oppfølging og rehabilitering i heimen. Teamet får ei sentral rolle i å følgje opp, støtte og trygge brukarar i overgangar mellom sjukehus, korttidsopphald og heim.

Gjennom tett samhandling skal teamet mellom anna bidra til:

  • gode og samanhengande pasient- og brukarforløp
  • trygg start heime etter utskriving
  • styrke meistring, funksjon og livskvalitet
  • redusert behov for reinnlegging og meir varige tenester

Vi lyser ut tre faste stillingar i innsatsteamet. Ein av stillingane kan pårekna å få ei utvida koordinatorrolle.

Arbeidsoppgåver:

  • Samhandle tett med sjukehus, korttidavdeling, fastlege, heimetenesta og andre samarbeidspartnarar
  • Følgje brukarar i overgangar mellom sjukehus, korttidsopphald og heim
  • Karleggje funksjon, helsetilstand, ressursar og behov
  • Drive heimerehabilitering med fokus på meistring, sjølvstende og livsglede
  • Trygge brukarar og pårørande i sårbare fasar
  • Nytta velferdsteknologiske løysingar
  • Bidra i førebyggjande og helsefremmjande arbeid
  • Vere med å utvikle strukturar, arbeidsformer og innhald i det nye teamet
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut eller master i avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS)
  • Førarkort klasse B. Ein må kunne nytta eigen bil ved behov
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Fordel med erfaring frå heimetenesta, rehabilitering og/eller spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar:
  • Du er sjøvstendig, fagleg trygg og viser mot i rolla di
  • Du er kreativ, løysingsorientert og open for nye måtar å arbeide på 
  • Du har eit heilskapleg blikk på pasient- og brukarforløp
  • Du er raus i samarbeid og bidreg aktivt inn i teamet
  • Du møtar brukarar og pårørande med omsorg, engasjement og respekt
  • Du jobbar etter prinsippet "Kva er viktig for deg?" og set brukaren sine mål og ressursar i sentrum

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Moglegheit til å vere med å byggje og forme framtidas heimeteneste
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag der verdiane våre er levande i praksis
  • Stor fagleg påverknad og rom for utvikling
  • Eit inkluderande, tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Løn og arbeidvilkår etter gjeldane avtaleverk

Kontakt: 

Einingsleiar heimetenesta: Marianne Våge Berland

Tlf: +47 56 16 16 60

Ass. Einingsleiar heimetenesta: Kate Samland Løland

Tlf: +47 56 16 05 02 | +47 950 71 121

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Ferdigheter
AI-generert

  • Fysioterapi
  • Kjøre servicebil
  • Norsk
  • Velferdsteknologi

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.

Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 3
  • Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Fysioterapeut, Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

Heimetenesta, Hjemmehjelp, Fysioterapeut, Allmensjukepleie

Øygarden kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Kate S. Løland
  • Mobil: 56 16 05 00
Send SMS
  • Kontaktperson: Marianne Våge Berland
  • Mobil: 56 16 16 60
Send SMS
  • Bli kjent med Øygarden kommune
  • Flere stillinger fra Øygarden kommune

428 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466013976
  • Sist endret 5.6.2026, 11:25
Rapporter annonse