Helsefagarbeidar 67% fast nattevakt
Øygarden kommune
- Frist 11.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Ternholmtunet bufellesskap
Om avdelinga:
Ternholmtunet bufellesskap og Rong omsorgsboligar ligg på Rong, og gjev tenester til 11 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Målet vårt er å leggja til rette for at kvar bebuar får ein aktiv og meiningsfull kvardag. Trivsel, sjølvråderett, tillit og meistring står sentralt i arbeidet vårt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.Vi har no ledig to 67% fast nattevaktstillingar.
Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn natt målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar
Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Du er lærelysten og tek ansvar
Anna:
- Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
- Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar: Åshild Erstad Hagen mobil 909 43 934
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Ternholmvegen 51L, 5337 Rong
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
Helsefagarbeidar, Helsefagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465194147
- Sist endret



