Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Øygarden

Sjukepleiar i Heimetenesta

Øygarden kommune

  • Frist 15.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Heimetenesta

Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert sjukepleiar!

Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Vi søkjer akkurat deg som er:

Omsorgsfull - raus - engasjert - lojal

og har; 

Humor - livsglede - mot

Kva får du hos oss?

Som vår nye kollega vil du kunne få 90% stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon,) årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollegaer, få interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss får du òg gode pensjons- og forsikringsordningar. Du har høve til å søka startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen.

Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!

Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen

Kven er så du?

Du har autorisasjon som sjukepleiar og har førarkort. Har du erfaring frå heimetenesta, er det ein fordel. Du er strukturert og kan halda oversikt. Du kan arbeida sjølvstendig og saman med andre, samt bidre til eit godt arbeidsmiljø.

Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.

Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!

Anna: 

Om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, oppmodar vi sjukepleiarstudentar som er ferdige våren 2026, til å søkje. Sjukepleiar og spesialsjukepleiar i fast turnus er løna kr 35 000 per år over gjeldane tariff.

Deler av stillinga er knytt til timebank

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

Ass einingsleiar Kate S Løland, tlf 56160502 / 950 71 121

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Ferdigheter
AI-generert

  • Generell kunnskap om menneskekroppen, helse og sykdommer

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsepersonell

Nøkkelord

Heimetenesta, Hjemmehjelp, Sjukepleiar, Sykepleiar

Øygarden kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Kate S. Løland
  • Mobil: 56 16 05 00
Send SMS
  • Bli kjent med Øygarden kommune
  • Flere stillinger fra Øygarden kommune

428 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465570484
  • Sist endret 1.6.2026, 09:56
Rapporter annonse