Helgestilling - Elvevegen
Vaksdal kommune
- Frist 10.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Elvevegen - bueining for menneske med nedsett funksjonsevne har ledig vikariat i ei 27,58% helgestilling, og ønsker å snakke med deg som ser verdien i å jobbe med mennesker som treng ei hjelpande hand. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer.
Stillingane passar utmerka ved sidan av studier, og er ein ypperleg moglegheit for å få verdifull arbeidserfaring. Vi stiller ikkje eit absolutt krav om formell helsefagleg kompetanse, men vektlegg personlege eigenskapar.
Om du tenker dette høyres spanande ut, så ønsker vi å snakke meir med deg. Ta gjerne kontakt med oss dersom du er nysgjerrig på dei ulike arbeidsoppgåvene. Vi tar inn fortløpande!
- Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring og personsentrert omsorg
- Dokumentasjon i fagsystem
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
- Kommunikasjon og samarbeid med pårørande
- Mobilisering og aktivisering av brukarar
- Andre relevante oppgåver
- Du må vera fylt 18 år (unntaket er søkarar som går 2. året på Helsefag VGS)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Krav om godkjend politiattest
- Ønske om formell helsefagleg kompetanse eller erfaring, men ikkje eit krav
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
- Du evner å skape gode relasjoner og opptatt av eit godt arbeidsmiljø
- Du er påliteleg og punktleg
- Du er løysingsorientert og har evne til å prioritere
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt
Vaksdal Kommune tilbyr- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465793258
- Sist endret