Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Voss

Driftsteknikar

Voss Resort AS

  • Frist 18.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil DU vera med på å skape skitalent, unike opplevingar og dagar som vert hugsa og snakka om?

Som driftsteknikar er du ein del av kvardagshelt-laget i Voss Resort. Du held hjula i gang og bidreg til å skape dagar som vert hugsa og snakka om. Du trivst ute i fjellet året rundt og likar å skru og finne løysingar. Uansett vêr og føre sørger du for at heisane går som dei skal, og at anlegget er klart til å gje gjestene våre dei beste opplevingane.

 

Driftsavdelinga sørgjer for at anlegget er driftssikkert og alltid klart til opning. Me søkjer driftsteknikar som liker tekniske utfordringar og som vil vera stolt over det me skapar saman. Du elskar fjell, snø og allslags vêr og får eit realt kick av at snøkanonanlegget produserer perfekte snøkorn, i tillegg til at heisen går knirkefritt. Det er drivkrafta for deg å vera med å skapa dei beste kundeopplevingane.  

 

Arbeidsoppgåver:  

  • Drift og vedlikehald av skitrekk og stolheisar, medrekna  planlegging av revisjonsarbeid og vedlikehald 

  • Drift og vedlikehald av snøkanonanlegg 

  • Øvrige arbeidsoppgåver i anlegget etter behov 

  • Oppfølging av  dagleg HMS arbeid, samt passa på at gjeldande lover, reglar, rutinar og instruksar vert handheva 

  

Trudde du det var alt? Då tek du feil. Jobben finn du nemleg på Voss. Ja, VOSS! Aktivitetsbygda framfor nokon. Bygda er kjent for mykje, og vert gjerne hugsa som vinterdestinasjonen, medaljebygda og ekstremsportsbygda. For vakker natur, unik kultur og god og tradisjonsrik lokalmat.  

 

Kven er me?  

Voss Resort er ei spanande merkevare med høg aktivitet. Gjester kjem til oss fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader. Me driv skisenter med skiskule, skiutleige, gondol,  restaurant og hytteutleige. Som ein naturleg stoppestad på jernbanen Bergen – Oslo, gjer me det i tillegg lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvenleg vis. Voss Resort er ein sentral aktør i bygda, og er ein av motorane for den positive utviklinga på Voss. Vår visjon er å gje gjestene opplevingar som vert hugsa og snakka om. Me som jobbar her er ekte, ærlege, kreative, litt (små)gale vossingar* med glimt i auga. (*alle som er ekte, ærlege, kreative og litt gale kan kallast vossingar).  

 

Høyrest dette framleis spanande ut?  

Då kan det hende at du er den rette for jobben. Me trur den rette personen kan passa med fylgjande kjenneteikn:  

  • God mekanisk, teknisk og/eller elektrofagleg kompetanse 

  • Relevant teknisk utdanning (ynskjeleg, men ikkje påkrevd)  

  • Gode samarbeidsevner  

  • Ansvarsbevisst 

  • Allsidig 

  • Kunne jobba sjølvstendig og takle høgt tempo i perioder 

 

Korleis søka?    

Me vil bli kjent med deg, og dine ynskje og styrker i stillinga.  

Bruk Finn søkjarhandtering eller ta kontakt med Anna Bryn direkte.  

 

Søk då vel. Berre gjer da!  

Ferdigheter

  • Ansvar for HMS
  • Drift av alpinanlegg
  • Elektroindustri (bransje)
  • Kunnskap innen mekanikk
  • Kunnskap om relevante lover og forskrifter
  • Snøkanon
  • Tekniske egenskaper

Om arbeidsgiveren

Voss Resort AS driftar gondol, skisenter, overnatting, eigedomsutvikling, servering og aktivitetar. Konsernet er ein sentral aktør i bygda, og har vore ein av motorane på Voss.
  • Sektor: Privat
  • Sted: Evangervegen 3, 5704 Voss
  • Bransje: Bygg og anlegg, Reise og turisme
  • Stillingsfunksjon: HMS, Teknisk personell, Teknisk service
  • Arbeidsspråk: Engelsk

Nøkkelord

driftstekniker, drift, vedlikehold, mekanisk, elektro

Voss Resort AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Anna Bryn
  • Stillingstittel: Leiar heis og gondol
  • Mobil: 97 59 95 04
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Voss Resort AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Voss Resort AS

188 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Evangervegen 3, 5704 Voss

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465792160
  • Sist endret 4.6.2026, 08:45
Rapporter annonse