Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stord

Behandlar TSB Stord DPS

Helse Fonna HF

  • Frist 21.06.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Sjukepleiar eller vernepleiar - vil du jobbe med rusbehandling?

Vil du bruke kompetansen din til å hjelpe menneske med rus- og avhengigheitsutfordringar vidare i livet?

Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehandlingsteam ved Stord DPS har vi ledig eit vikariat som behandlar. Stillinga passar for deg som er sjukepleiar, vernepleiar eller har annan relevant høgskuleutdanning – gjerne med vidareutdanning eller erfaring innan rus og psykisk helse.

Hos oss blir du del av eit tverrfagleg team med overlege, psykologspesialist, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar, sjukepleiar og vernepleiar. Vi jobbar tett med pasientar i LAR-behandling og andre som har rett til tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Vi ønskjer at alle våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vil legge til rette for vidare- og etterutdanning om du ønskjer det.

TSB-teamet er i utvikling, og vi ønskjer deg som vil bidra fagleg, samarbeide godt og vere med på å utvikle eit trygt og heilskapleg behandlingstilbod for pasientane våre.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer.

(Oppstart kan avtalast nærare).


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:

  • ha behandlaransvar for pasientar med TSB rettighetar og som er i LAR-behandling
  • følgje opp pasientar både poliklinisk og ambulant
  • utrede og søkje pasientar inn til relevant institusjonsbehandling
  • delta i ansvarsgrupper og samarbeide med aktuelle samarbeidspartar
  • halde deg fagleg oppdatert og bidra i utviklinga av tenesta
  • legemiddelhandtering og utdeling av LAR-medikament samt ulike prøvetakingar
  • motiverande samtalar med forkus på mestring

Vi samarbeider også med IPS-jobbspesialist, Haugaland A-senter og andre aktørar for å skape betre og meir samanhengande pasientforløp.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • relevant høgskuleutdanning, til dømes som sjukepleiar eller vernepleiar
  • førarkort - klasse B
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du har:

  • vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse
  • brei erfaring innanfor for rus, avhengigheit og/eller psykisk helse
  • erfaring frå TSB, LAR, DPS, psykisk helsevern, ambulant oppfølging eller kommunalt rus-/psykisk helsearbeid
  • erfaring med behandlaransvar, pasientkoordinering eller arbeid i ansvarsgrupper
  • god kjennskap til LAR og samarbeid med kommune, NAV og fastlege

Anna relevant utdanning, spesialisering eller erfaring kan bli vurdert.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som møter menneske med respekt, ro og fagleg tryggleik. Du trivst med å jobbe tett på pasientar som kan ha samansette utfordringar, og du forstår kor viktig relasjon, tillit og brukarmedverknad er i behandlinga.

    Vi ønskjer at du:

    • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
    • held roen i krevjande situasjonar
    • trivst med tverrfagleg samarbeid
    • tek ansvar og jobbar strukturert
    • er nysgjerrig på faget og ønskjer å utvikle deg vidare
    • bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet

    Personleg eignaheit og motivasjon for fagfeltet blir vektlagt.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du ein meiningsfull behandlarrolle i eit fagfelt som er i utvikling. Du blir del av eit lite og tverrfagleg team der vi kjenner kvarandre godt, deler kunnskap og jobbar saman for å gi pasientane eit best mogleg tilbod.

    Hos oss får du:

    • arbeid i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
    • eit triveleg arbeidsmiljø
    • ein arbeidskvardag med stor variasjon og mykje pasientkontakt
    • høve til å bidra i utviklinga av TSB-tilbodet ved Stord DPS
    • fagleg påfyll og moglegheit for vidare- og etterutdanning
    • ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift (IA-bedrift)

    Stord DPS ligg sentralt på Stord. Her får du korte avstandar, nærleik til sjø og natur, og gode samband både mot Bergen og Haugesund.

    Vil du vite meir om stillinga? Ta gjerne kontakt med oss – eller send inn søknaden din. Vi ser fram til å høyre frå deg.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Ferdigheter
    AI-generert

    • Grunnleggende sykepleie
    • Legemiddelhåndtering
    • Norsk
    • Poliklinisk behandling
    • Psykiatrisk pleie og omsorg

    Om arbeidsgiveren

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    • Sektor: Offentlig
    • Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
    • Bransje: Helse og omsorg
    • Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier
    • Arbeidsspråk: Norsk

    Nøkkelord

    rus, psykiatri, lar, tsb

    Helse Fonna HF logo

    Spørsmål om stillingen

    • Kontaktperson: Ranveig Shevanti Hjelland
    • Stillingstittel: Funksjonsleiar
    • Mobil: 99 20 18 91
    Send meldingSend SMS
    • Bli kjent med Helse Fonna HF
    • Flere stillinger fra Helse Fonna HF

    300 følger dette firmaet

    Firmaets beliggenhet

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 465598399
    • Sist endret 3.6.2026, 06:52
    Rapporter annonse