Funksjonsleiar pleie
Helse Fonna HF
- Frist 05.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Saman skapar me framtidas medisinske sengepost - bli med i leiinga frå start
Vil du leie ein spennande sengepost og bidra til kvalitet, utvikling og gode pasientforløp?
Me er på jakt etter to funksjonsleiarar som saman skal utvikle og forme vår nye sengepost i Medisinsk avdeling. Funksjonsleiarane vil vere likestilte, ha personalansvar for halve personalgruppa kvar, og samarbeide tett i kvardagen.
Me skal slå saman to medisinske sengepostar: Gastro slag generell og Lunge, hjerte sengepost . Å samle 90 sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar til ein felles sengepost vil bidra til auka fleksibilitet og du får vere med på å byggja eit nytt, større og godt fagmiljø.
Kva går jobben ut på?
- Fag-, økonomi- og personalansvar, herunder å:
- planleggja turnus og ressursbruk
- følgja opp sjukefråvær
- rekruttering
- bidra til eit trygt og utviklande arbeidsmiljø
- Sikre kvalitet og kompetanseutvikling i tett samarbeid med fagsjukepleiarar, avdelingsleiar, legar og andre avdelingar.
- Ansvar for pasientlogistikk og drift av eininga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Ønskeleg med leiarutdanning, men ikkje eit krav
- Handtering av digitale verktøy i det daglege.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Kva ser me etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er lyttande, tilgjengeleg og oppteken av medarbeidarane dine
- får fram det beste i kvar enkelt og byggjer gode team
- står stødig i krevjande situasjonar og arbeider målretta
- er positiv, lojal og konstruktuiv i endringsprosessar
- trivst i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- bidreg til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø og er klar for nye utfordringer
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Moglegheit til å vere med og forme ein ny sengepost.
- Høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap.
- Jobb i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
- Moglegheit for deltaking i internt leiarutviklingsprogram (LUP).
FerdigheterAI-generert
- Lage vaktlister
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykehus, mellomleder, sengepost, ledelse, leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464489415
- Sist endret

