Informasjonssikkerheitsleiar
Vest politidistrikt
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vest politidistrikt søkjer informasjonssikkerheitsleiar. Bli ein del av vårt team og bidra til eit trygt Noreg!
Om stillinga
Blir du motivert av ein jobb som betyr noko for fleire enn deg sjølv? Vil du bidra til samfunnsoppdraget til Vest politidistrikt? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Vest politidistrikt søkjer ein informasjonssikkerheitsleiar til Seksjon for tryggleik, eigedom, logistikk og materiell (SELM). Stillinga skal bidra til eit systematisk og heilskapleg arbeid med informasjonssikkerheit i politidistriktet, i tråd med gjeldande krav, føringar og regelverk.
Hos oss får du høg tillit, rom for sjølvstendig arbeid og ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Stillinga inneber både operative oppgåver og ansvar for det langsiktige og systematiske arbeidet innan fagområdet. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du, i samarbeid med tryggleiksleiar, utgjere ein sentral del av tryggleiksfunksjonen i distriktet. Du vil ha ei viktig rolle i å vidareutvikle og følgje opp styringssystemet for informasjonssikkerheit, og bidra til at tryggleiksarbeidet er godt forankra i organisasjonen.
Stillinga har ei sentral rolle i å sikre at informasjon blir handsama i tråd med krava til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit. Du vil vere ein del av eit tverrfagleg samarbeid innan internkontroll, tryggleik og personvern, og skal bidra til å gi politimeisteren eit heilskapleg bilete av sårbarheitene i distriktet og tilhøyrande tiltak. Rolla inneber òg tett samarbeid med fagmiljø i distriktet og relevante nasjonale fagmiljø.
Seksjon for tryggleik, eigedom, logistikk og materiell (SELM) er eit team med åtte dedikerte medarbeidarar som løyser både strategiske og operative oppgåver. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du vere ein viktig bidragsytar i den vidare utviklinga av seksjonen og arbeide på tvers av fagområde. SELM er organisert under Stab for verksemdsstyring, som bistår politimeisteren i gjennomføringa av sentrale prosessar for verksemdsstyring og sikrar at drifts einingane opererer i tråd med føringar og gjeldande regelverk.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ta vare på rettstryggleiken. Vi meiner at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som har god fagleg forståing for informasjonssikkerheit og evnar å omsetje krav, regelverk og føringar til praktiske og gjennomførbare løysingar i organisasjonen.
Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar for eigne oppgåver og bidreg aktivt til å utvikle fagområdet. Samstundes har du gode samarbeidsevner og evnar å byggje tillit og relasjonar på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå.
Du trivst med ein variert arbeidskvardag, der du vekslar mellom operative oppgåver og langsiktig, systematisk arbeid. Rolla krev at du evnar å sjå heilskap og samanhengar, og at du bidreg til at informasjonssikkerheit blir ein integrert del av verksemda sitt arbeid.
Personleg eignaheit vil bli lagd stor vekt på.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein premissgjevande og kontrollerande fagressurs innan informasjonssikkerheit i Vest politidistrikt, i samarbeid med tryggleiksleiar
- Vere politidistriktet sin kompetanseperson og faglege rådgivar innan informasjonssikkerheit, etter fullmakt frå tryggleiksleiar
- Bidra til vidareutvikling av styringssystemet for informasjonssikkerheit i samråd med tryggleiksleiar
- Leggje til rette for og kontrollere at informasjon blir handsama i tråd med gjeldande regelverk, mellom anna ved å ta vare på konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit
- Ivareta oppgåver innan personellsikkerheit
- Følgje opp tryggleiksstrategiar gjennom prosjektleiing og deltaking i prosjekt
- Bidra til kompetanseheving og kulturbygging innan informasjonssikkerheit i organisasjonen
- Følgje opp avvik og hendingar innan informasjonssikkerheit
- Ivareta risikostyring, mellom anna ved å utvikle metodar og verktøy, samt gjennomføre og leggje til rette for risikovurderingar
- Bidra i tverrfagleg arbeid innan internkontroll, tryggleik og personvern for å sikre ei heilskapleg oversikt over sårbarheitene i distriktet og naudsynte tiltak
- Vere stedfortredar for tryggleiksleiar ved behov
- Representere politidistriktet i nasjonale forum innan informasjonssikkerheit
- Andre oppgåver må reknast med, avhengig av kompetanse og behova i organisasjonen
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå innan informasjonssikkerheit, samfunnstryggleik, kriseleiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
- Minimum 2 års arbeidserfaring innan tryggleiksrelatert arbeid
- For stilling som seniorrådgivar er det krav om relevant mastergrad eller tilsvarande, samt minimum 5 års arbeidserfaring innan relevant fagfelt
- God teknisk og digital forståing, mellom anna innsikt i bruk og grunnleggjande oppbygging av IT-system
- Kjennskap til styringssystem for informasjonssikkerheit, mellom anna ISO 27001
- Erfaring med risikoanalysar og tryggleiksvurderingar
- Oppdatert kunnskap om utfordringar, trendar og løysingar innan tryggleik
- Gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk og engelsk
- Må kunne tryggleiksklarerast og autoriserast til nivå HEMMELIG, jf. tryggleikslov
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er òg ønskjeleg med:
- Relevante sertifiseringar innan informasjonssikkerheit
- Erfaring med opplærings- og formidlingsarbeid innan informasjonssikkerheit
- Erfaring med risikostyring
- Erfaring med fagleiing, prosjekt- og prosessleiing og/eller organisasjonsutvikling
- Kunnskap om relevant lovgjeving, mellom anna tryggleikslova og personopplysningslova med tilhøyrande forskrifter
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har oppriktig interesse for fagområdet, lærer raskt og held deg fagleg oppdatert
- Arbeider sjølvstendig, tek ansvar og initiativ, og handterer eit høgt arbeidstempo også i krevjande situasjonar
- Har høg etisk medvit, god arbeidsmoral og er lojal og ansvarsbevisst
- Har gode samarbeidsevner, bidreg positivt i team og byggjer gode relasjonar
- Arbeider strukturert, analytisk og evnar å forstå komplekse samanhengar
- Kommuniserer tydeleg, er løysingsorientert og fleksibel
- Er resultatorientert med god gjennomføringsevne
- Er trygg på koordinering og avgjerdstaking, både operativt og strategisk
- Evnar å rettleie, motivere og gi opplæring innan gjeldande regelverk og styringssystem
- Har eit godt heilskapleg blikk og evne til langsiktig og strategisk utviklingsarbeid
Kan balansere tryggleiksarbeidet opp mot politiet sitt samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
- Stillinga blir løna som rådgivar (stillingskode SKO1434) frå 720 000,- brutto pr. år / seniorrådgivar (SKO1364) frå 820 000,- brutto pr. år . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her.
- Gode arbeidsvilkår (sommar- og vintertid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l.)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Hendelsehåndtering
- Informasjonssikkerhet
- Information security administration
- Information Security Management System (ISMS)
- ISO 27001
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Risikoanalyse
- Risikostyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgens gate 4, 5016 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465297258
- Sist endret




