Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

DevOps infrastrukturingeniør (over/senioringeniør) ved IT-avdelinga - Sensitive data og Lab IT

Universitetet i Bergen

  • Frist 12.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

DevOps infrastrukturingeniør

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga:

DevOps infrastrukturingeniør

Vi ønskjer å styrkje teamet vårt med ein dyktig DevOps-ingeniør med solid erfaring innan infrastruktur som kode, god forståing for sikkerheit og evne til å sjå heilskapen i komplekse systemlandskap. Du må trivast med å automatisere, standardisere og bygge robuste plattformer som gjer forskarar og fagmiljø i stand til å jobbe effektivt og sikkert.

Handtering og prosessering av forskingsdata er eit område i rask utvikling, og behovet for moderne, automatiserte og skalerbare løysingar aukar. Ved IT-avdelinga si produktlinje for sensitive data, LabIT og klinikkdrift, er det no ledig ei fast stilling knytt til utvikling og drift av ny infrastruktur basert på kode, med særleg ansvar for plattformene for sensitive forskingsdata (SAFE) og data frå vitskapleg laboratorieutstyr (LabIT).

SAFE er UiB sitt «sikre analyserom» og har i dag meir enn 500 brukarar frå ei brei rekke fagområde, mellom anna medisin og helse, psykologi, samfunnsvitskap og kunst. SAFE er òg partner i NORTRE, den nasjonale infrastrukturen for personsensitive data, saman med NTNU og UiO. LabIT og LittNett tilbyr nettverk, lagring/backup og fjerntilgang for avanserte instrument brukt i forsking ved UiB, til dømes mikroskop og sekvenseringsutstyr.

Vi deltek òg i fleire nasjonale og internasjonale infrastrukturprosjekt støtta av Noregs forskingsråd og EU. Dette gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid med leiande fagmiljø.

Om IT-avdelinga
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Avdelinga består av om lag 140 tilsette med variert kompetanse og bakgrunn, og vi deltek i mange spennande aktivitetar på tvers av heile universitetet.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle og drifte infrastruktur som kode (IaC) for SAFE, LabIT, LittNett og tilhøyrande plattformer
  • Automatisere bygging, konfigurasjon og utrulling av tenester gjennom moderne DevOps-praksisar
  • Vidareutvikle overvaking, logging og feilhandsaming for høgtilgjengelege og sikre system
  • Bidra i arkitekturarbeid og tekniske val knytt til plattformutvikling
  • Samarbeide tett med forskarar, sikkerheitsmiljø og andre tekniske team
  • Delta i nasjonale og internasjonale prosjekt for forskingsinfrastruktur
  • Leggje til rette for trygg og effektiv bruk av LLM-ar og andre KI-teknologiar i SAFE, LabIT, LittNett og øvrige produkter teamet har ansvar for

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan IT eller tilsvarande erfaring
  • Erfaring med IaC-verktøy som Terraform, Ansible eller liknande
  • Kompetanse innan containere og container-orkestrering (t.d. Kubernetes)
  • God forståing for IT-sikkerheit og tilgangsstyring
  • Erfaring med CI/CD-løp og automatisering
  • Kjennskap til drift av Linux-baserte system
  • Erfaring frå forskingsinfrastruktur er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å bryte komplekse problemstillingar ned i handterlege oppgåver
  • Strukturert, initiativrik og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å dele kunnskap
  • Interesse for ny teknologi og kontinuerleg forbetring
  • For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt med berre engelsk. I så fall blir det obligatorisk å gjennomføre og bestå norskkurs nivå to innan to år


Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Ein sentral rolle i utviklinga av kritisk forskingsinfrastruktur
  • Varierte og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke tekniske val og arkitektur
  • Hos oss brukar du moderne KI-verktøy som løftar kvalitet og tempo
  • Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med mange spennande aktivitetar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i årsløn kr 642 000 - 710 000 eller senioringeniør (kode 1181), i årsløn kr. 722 000 - 850 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  produktlinjeleiar Kjell Fadnes (kjell.fadnes@uib.no, mobil 458 81 311) eller produktleiar Christine Stansberg (christine.stansberg@uib.no, mobil 402 33 184) eller produktområdeleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Ferdigheter
AI-generert

  • Ansible
  • Automatisering
  • CI/CD (Continuous Integration and Continuous Delivery)
  • Felling
  • ICT Security
  • Infrastructure as code (IaC)
  • K8s
  • Terraform

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, IT, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: IT-support
Universitetet i Bergen logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ingen kontakperson oppgitt
  • Bli kjent med Universitetet i Bergen
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Universitetet i Bergen

1437 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465263606
  • Sist endret 29.5.2026, 11:02
Rapporter annonse