IKT arkivar – elektroniske arkiv og digitalt depot
Vestland fylkeskommune
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
IKT arkivar – elektroniske arkiv og digitalt depot
Vestland fylkeskommune har ledig fast stilling som IKT‑arkivar.
Vi søker ein medarbeidar med god IKT-forståing som vil arbeide praktisk med mottak, kvalitetssikring og bevaring av elektronisk skapte arkiv frå kommunane i Vestland. Stillinga ligg i skjeringspunktet mellom arkiv og IT, og passar for deg som trivst med system, data, feilsøking og tekniske problemstillingar.
Stillinga er plassert i Kommunearkivordninga i Vestland, som er ein del av seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune.
Om oss
Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) er eit interkommunalt arkivsamarbeid som leverer depottenester for papirbaserte og elektroniske arkiv, samt rådgjeving og tenester innan arkivordning, digitalisering og tilgjengeleggjering for kommunane i samarbeidet.
Kommunearkivordninga er ein av to fageiningar i seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune. Det er tett samarbeid på tvers av einingane, særleg innan depot, system, digital tilgjengeleggjering og fagleg utviklingsarbeid.
Eit nytt arkivbygg, aukande mengd digital dokumentasjon og nye krav til bevaring og innsyn pregar arbeidet, og elektroniske arkiv har ei stadig viktigare rolle. Vi er på jakt etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å vidareutvikle dette spennande fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
- mottak og sikring av elektroniske arkiv i digitalt depot
- arbeid med databasar, metadata, datastruktur, format og dokumentasjon
- arbeid med innsyn og tilgjengeleggjering av digitale arkiv
- vidareutvikling av rutinar og tekniske løysingar for elektronisk depot
- samarbeid og dialog med:
- kommunane (arkivskaparar)
- IT‑miljø og IKT‑selskap
- arkiv‑ og systemleverandørar
- planlegging, gjennomføring og kontroll av arkivuttrekk frå sak‑/arkivsystem og kommunale fagsystem
- validering, feilsøking og kvalitetssikring av digitale arkivleveransar
- rådgjeving og rettleiing
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har:
- høgare utdanning innan IT, informasjonsvitskap, arkiv, dokumentasjonsforvaltning eller tilsvarande
(lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet) - god IKT-forståing og interesse for arbeid med digitale system og data
I tillegg ønskjer vi søkjarar som har erfaring eller kompetanse frå eitt eller fleire av områda nedanfor. Denne kompetansen vil bli vektlagt i vurderinga, men er ikkje eit krav for å søkje. Vi er opptekne av heilskapleg kompetanse og oppmodar søkjarar med relevant bakgrunn til å melde si interesse, også om dei ikkje dekker alle punkta.
- elektroniske arkiv og arkivuttrekk (Noark, fagsystem)
- databasar og datauttrekk (t.d. SQL, XML, CSV)
- dataanalyse, kontroll og kvalitetssikring av data
- lagring av data, dataredundans og langtidsbevaringsløysingar
- sak /arkivsystem og kommunale fagsystem
- erfaring frå kommunal eller interkommunal sektor
Våre medarbeidarar bør ha førarkort klasse B.
DAMA / data management
Vestland fylkeskommune ser positivt på DAMA sertifisering (Certified Data Management Professional – CDMP). Dette er ikkje eit krav, men det er ein fordel om du har, eller ønskjer å ta, slik sertifisering.
DAMA er eit internasjonalt rammeverk for strukturert arbeid med data og datastyring, og er relevant for arbeid med metadata, datakvalitet, livsløp og bevaring av digital informasjon. Det kan vere aktuelt å gjennomføre sertifisering som del av stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som:
- arbeider strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
- samarbeider godt med både tekniske og arkivfaglege miljø
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- er utviklingsorientert og fagleg nysgjerrig
- kan gje rådgjeving og opplæring
Vi tilbyr
- ei samfunnsviktig og fagleg spennande stilling i Vestland fylkeskommune
- arbeid i eit sterkt arkivfagleg miljø på Leikanger
- støtte til kurs og sertifisering, mellom anna DAMA / CDMP, etter nærare avtale
- fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskode: spesialkonsulent eller rådgjevar etter utdanning og VLFK sine retningslinjer
Tiltreding: Etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Administrere digitale arkiver
- Arkivsystemer
- Bruke databaser
- Databanksystemforståelse
- Elektronisk arkiv
- Informasjonsvitenskap
- Tilgang til og analyse av digitale data
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Database, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
arkiv, dokumentasjonsforvaltning, elarkiv
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465060240
- Sist endret


