Tenesteleiar for heimetenesta
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Tenesteleiar for heimetenesta
Vil du vere med å forme framtidas heimetenester og gjere ein reell forskjell i kvardagen til folk?
Me har ledig eit eittårig vikariat som tenesteleiar for heimetenesta i Sogndal. Me ser etter ein tydeleg og inkluderande leiar som evnar å kombinere struktur og gjennomføring med varme og menneskeleg innsikt.
Om stillinga
Heimetenesta er ein sentral del av helse- og omsorgstilbodet i kommunen. Som tenesteleiar får du eit heilskapleg ansvar for drift, fag og utvikling. Du vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å vidareutvikle tenestene i takt med nye behov og krav.
Dine hovudoppgåver
Fagleg og administrativ leiing av heimetenesta
Personal- og økonomiansvar
Sikre kvalitet i tråd med lovverk og vedtak
Drive utviklings- og forbetringsarbeid, inkludert digitalisering
Samarbeid internt og med eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
Minimum treårig helse- eller sosialfagleg utdanning
Gjerne leiarerfaring eller erfaring frå utviklingsarbeid
God kjennskap til relevant lovverk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
trygg, tydeleg og inkluderande
strukturert og handlekraftig
utviklingsorientert og løysingsfokusert
god til å bygge relasjonar og skape tillit
Kvifor jobbe hos oss?
Ei meiningsfull leiarstilling med stor påverknad
Eit sterkt fagmiljø og engasjerte kollegaer
Gode moglegheiter for utvikling
Fleksibel arbeidstid og gode ordningar
Arbeidsplass midt i vakre Sogndal
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Mangfald og tilrettelegging
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Dersom du har behov for tilrettelegging i arbeidskvardagen, legg me til rette så langt det let seg gjere.
Offentleg søkjarliste
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
FerdigheterAI-generert
- Hjemmepleietjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Plassen 2, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Alternativ medisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464900277
- Sist endret




