KI utviklar
Vestland fylkeskommune
- Frist 12.06.2026
- Ansettelsesform Fast
KI utviklar i Noregs kanskje mest framoverlente fylkeskommune?
Vestland fylkeskommune er stolte av å vere blant dei i kommunal sektor som har komme lengst i si satsing på kunstig intelligens og vi skal no styrke satsinga på KI og teknologiutvikling ytterlegare. Vi er difor på jakt etter to KI-utviklarar som vil vere med å forme framtidas digitale løysingar med oss. Hos oss blir du ein del av eit lite, men kompetent og inkluderande fagmiljø der samarbeid, kvalitet og kontinuerleg læring står i fokus. Vi ser etter deg som trivst med både front-end og back-end, og som ønskjer å skape verdi gjennom gode brukaropplevingar og robuste system. Hos oss trur vi at humor, glede og psykologisk tryggleik gjer oss betre i jobben, ikkje berre hyggeleg å jobbe saman med. Vi har det kjekt saman, sjølv når tempoet er høgt og leveransane står i kø. Høyrest dette ut som noko for deg? Då gler vi oss til å få din søknad!
Seksjon for IKT har om lag 90 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar. Vi arbeider tett saman, både i faggrupper og i tverrfaglege fagteam, for å sikre robuste, trygge og utvikle framtidsretta løysingar for om lag 32 000 brukarar.
Arbeidsoppgåver
Vi jobbar med utvikling av digitale teneste for Vestland fylkeskommune på tvers av fagområder, med kunstig intelligens som hovudfokus.
- vidareutvikle og drifte KI-baserte funksjonar og agentar bygde på store språkmodellar
- utforske, teste og ta i bruk ny KI-teknologi på ein trygg, etisk og ansvarleg måte
- bidra til å omsetje behov i organisasjonen til konkrete KI-løysingar
- samarbeide i tverrfaglege team med utviklarar, fagpersonar, personvern og sikkerheit
- bidra til å byggje robuste, skalerbare og endringsdyktige løysingar i tråd med arkitektur- og tryggleikskrav
- vere med på å utvikle kompetanse og beste praksis for KI-bruk i organisasjonen
- utvikle integrasjonar mot interne og eksterne system
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan relevant fagområde, som informatikk, matematikk, maskinlæring, eller tilsvarande (lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning)
- fleire års erfaring med programvareutvikling
- erfaring med teknologiar som JavaScript/TypeScript, React, Node.js, Python, FastAPI, Django og .NET
- erfaring med skyplattformer som Azure, AWS eller GCP
- forståing for ansvarleg bruk av KI, inkludert sikkerheit, personvern og kvalitet
Ettersom vi lyser ut to stillingar forventar vi ikkje at du kryssar av på alt, men er meir opptekne av evna og lysta til å lære og bidra på tvers av prosjekta våre.
Det vil telle positivt om du i tillegg har:
- erfaring med integrasjon mot store språkmodellar og moderne KI-rammeverk (Semantic Kernel, MAF, LangChain, MCP e.l.)
- praktisk erfaring med ML end-to-end: datainnsamling, pre-prosessering, modelltrening, evaluering og driftsetting
- erfaring med å køyre opne modellar lokalt på GPU (PyTorch/CUDA, Hugging Face, vLLM, Ollama o.l)
- kjennskap til MLOps-verktøy som MLflow, DVC eller JupyterHub
- erfaring med å forvalte komplekse system i produksjon : patching, feilsøking og observabilitet
- kjennskap til opne datakjelder i offentleg sektor
Personlege eigenskapar
Vi er på jakt etter deg som:
- er genuint nysgjerrig på KI og teknologi: du held deg oppdatert, eksperimenterer gjerne på eiga hand, og deler det du lærer med andre
- trivst med å jobbe sjølvstendig og ta initiativ: du ventar ikkje på at nokon skal fortelje deg kva som er neste steg
- er ein god lagspeljar i praksis: du heiar på kollegane dine, deler kunnskap og stiller opp når teamet treng deg
- tør å seie meininga di: også når du er ueinig, og du gjer det på ein konstruktiv måte
- er oppteken av kvalitet og ansvarleg utvikling: du tenker over kva KI-løysingane dine faktisk gjer, og for kven
- vil skape noko som betyr noko: du er motivert av at arbeidet ditt gjer kvardagen enklare for kollegaene og innbyggjarar i Vestland
Vi legg vekt på personleg eignaheit fordi du vil jobbe i eit lite team der du både må stå på eigne bein og bidra inn i eit fellesskap, og der høg takhøgde, openheit og felles ansvar ikkje berre er fine ord, men måten vi faktisk jobbar på kvar dag. Vi er ein gjeng som tek arbeidet på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- varierte og interessante arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- fleksibel arbeidstid og heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
- arbeidsstad i Leikanger eller Bergen.
Vi har årlege samlingar for heile avdelinga, i tillegg til eigne samlingar per fageining. Vi ønskjer at medarbeidarane våre utviklar seg i jobben, og dette legg vi til rette for gjennom intern opplæring, samt eksterne kurs og seminar.
FerdigheterAI-generert
- Django (Web Application Framework)
- JavaScript
- Kunstig intelligens
- Moderne software-utvikling
- Node.js
- Python (dataprogrammering)
- Store språkmodeller
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5008 Bergen
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: AI / Maskinlæring, Full stack utvikler, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464125953
- Sist endret

