Økonomikonsulent/rådgjevar
Sogndal kommune Økonomi
- Frist 09.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Økonomikonsulent/rådgjevar
Me søker ein medarbeidarar med solid økonomikompetanse som vil vera med å styrke og utviklekommunen vidare. Du treng ikkje å kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære. Kommunen er inne i ei spennande tid, og for å sikre gode tenester over tid, må me ha orden i økonomien. I dette arbeidet vil du få ei sentral rolle og høve til å gjere ein reell forskjell.
Ledig fast stilling 100 %.
Stillinga vert ein del av team økonomi, som har ansvar for å planlegge, utvikle og følgje opp kommunen sin økonomi innanfor desse arbeidsområda:
- utarbeide årsbudsjett og økonomiplan
- rekneskap
- økonomistyring, oppfølging, rettleiing
- finansforvaltning
- kraftforvaltning
- økonomisk analyse
- verksemdstyring og utvikling
- eigedomsskatt
Arbeidsoppgåver vert avklara basert på erfaring, kompetanse og behov.
Kvalifikasjonar
- fortrinnsvis høgare utdanning med bachelor-/mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- gode IKT-kunnskapar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
- nyutdanna vert og oppfordra til å søke
Eigenskapar
- evne til å arbeide både strategisk og operativt
- er nøyaktig og strukturert
- har humor og arbeidsglede
- du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
- er god til å formidle
- forankre og få folk med på laget
- har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert
Mangfald og tilrettelegging
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Dersom du har behov for tilrettelegging i arbeidskvardagen, legg me til rette så langt det let seg gjere.
Offentleg søkjarliste
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
FerdigheterAI-generert
- Analyse av økonomisk ytelse
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Budsjettarbeid
- Finansbudsjett
- Matrikkelbeskatning
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Sted: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Nøkkelord
økonomi, konsulent, rådgjevar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464990178
- Sist endret

