Faglærar – Teknologi- og industrifag
OPK-FL - Flora vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 8.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer faglærar i teknologi- og industrifag frå skulestart 2026-2027. Tidspunkt kan avtalast nærare.
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og
yrkesfag. Vi er omlag 80 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og
vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. Søknadsfrist 08.06.2026
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar planlegging og gjennomføring av undervisning og oppfølging av elevar på både Vg1 og Vg2 Industri og teknologifag, både i klasserom og på verkstad. Undervisning i yrkesfagleg fordjuping (YFF) vil òg vere ein del av stillinga. Du får ansvar for oppfølging og vurdering av elevar, og vil vere ein del av eit fagmiljø som legg vekt på samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og tett kontakt med lokalt næringsliv og opplæringskontor for å gi elevane ei relevant opplæring og ein trygg overgang til lære og arbeidsliv. Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.100 % fast stilling med undervisning i programområde
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med fagbrev innan mekaniske eller relevante fag og minst fire års yrkeserfaring etter fagbrev. Teknisk fagskule, høgare utdanning eller yrkesfaglærarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Har du ikkje formell tilsettings- og undervisningskompetanse, kan du tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan ein nærare gjeve frist. Politiattest må leggjast fram.Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Som lærar må du trivast med å arbeide med ungdom og vere ein tydeleg og inkluderande rollemodell. Vi ønskjer deg som er oppteken av å skape eit godt læringsmiljø, og som kan kombinere fagleg tyngde med evne til samarbeid, refleksjon og utvikling.Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av søkjarar. Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit spennande fagmiljø med framtidige fagarbeidarar og gode kollegaer, samt tilrettelegging for vidareutdanning.
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar og handverk- og industrifag Ole Hennøy tlf 91 87 27 26.
Søknadsfrist 08.06.2026
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen, rektor , 41530684Arbeidsstad
Professor Gjelsvikveg 226906 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5135414488
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464883089
- Sist endret



