Leiar Avdeling Tenesteutvikling
Nav
- Frist 08.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye leiaren vi ser etter til Nav Øygarden si avdeling Tenesteavklaring.
Dette er ei nyoppretta avdeling med oppgåver som dekker eit breitt fagleg spekter med både statlege og kommunale tenester. Avdelinga vil få ansvar knytt til kartlegging av bistandsbehov og handsaming knytt til ytingar som sosialhjelp og arbeidsavklaringspengar. Avdelinga har også ansvar for publikumsmottaket og merkantile funksjonar. Den nye leiaren får personalansvar for om lag 20 fagleg dyktige medarbeidarar med tilsettingsforhold både i stat og kommune.
Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.
Nav Øygarden har flotte kontorlokale sentralt plassert på Straume, og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 80 tilsette.
Kva går jobben ut på?
- leie og utvikle avdelinga i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål
- personalansvar for avdelinga sine tilsette
- følge opp resultat og legge til rette for kontinuerleg forbetring
- etablere og videreutvikle samarbeid med relevante kommunale tenester og andre samarbeidspartar
- vere ein aktiv medspelar i leiarteamet i kontoret og bidra til heilskaplege løysingar for brukarane
- bidra til å bygge felles kultur, styrke medarbeidarskap og vidareutvikle tillitsbasert leiing
Sidan Nav er i kontinuerlig utvikling kan det skje endringar i arbeidsoppgåver og ansvar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, gjerne innan samfunnsfag, helse og sosialfag, økonomi eller juridiske fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- leiarerfaring med personalansvar
- forståing av leiing i staten og Nav sitt samfunnsoppdrag
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå tenesteutvikling
- erfaring frå relevante kommunale tenester
- god kjennskap til Nav sine tenester
Kva ser vi etter hos deg?
- du er samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for medarbeidarane dine
- du ser medarbeidarane dine og kommuniserer forventingar og tilbakemeldingar tydeleg og inkluderande
- du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- du er nytenkande, fleksibel og tek ansvar for eiga fagleg utvikling
- du er god på samarbeid og å byggje relasjonar internt og eksternt
Kvifor velje oss?
- ei meiningsfull leiarrolle i eit viktig samfunnsoppdrag
- eit sterkt og kompetent fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fast stilling som avdelingsleiar i stillingskode 1407, med lønnsspenn frå kr. 800 000 til kr. 850 000 per år. For særleg kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
FerdigheterAI-generert
- Lede utviklingsprosesser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grønamyrvegen 18, 5353 Straume
- Bransje: Annet, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464472379
- Sist endret



