Reknskap og kontorarbeid
Nessemaskin AS
- Frist 19.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Kontormedarbeidar søkjast til AS Nessemaskin
Nessemaskin søker ansatt til kontoret vårt på Nessane.
Du får jobbe i eit selskap som driv med import av varer og reiskap til landbruket.
På vårt lager på Nessane vert varene vidaresende til kundar i heile Norge
Arbeidsoppgåver
Som kontormedarbeidar hos oss vil du få ei variert rolle i den daglege drifta på kontoret. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Kundeservice på telefon og e-post
Behandle ordrar frå nettbutikken
Registrering av varemottak
Opprette innkjøp og følgje opp bestillingar
Fakturering og utsending av purringar
Lagerstyring og administrative oppgåver
Oppdatering av sosiale medium
Anna førefallande kontorarbeid
Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til nettbutikk, kundeservice og varemottak.
Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til nettbutikk, kundeservice og varemottak.
Vi ser etter deg som
Er strukturert og sjølvstendig
Likar kundekontakt og yter god service
Har god orden og evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
Er komfortabel med bruk av data og digitale system
Er positiv, løysingsorientert og samarbeidsvillig
Erfaring frå kontorarbeid, kundeservice eller ordrebehandling er ein fordel, men ikkje eit krav.
Vi tilbyr
Ei variert og spennande stilling
Triveleg arbeidsmiljø
Moglegheit til å påverke og ta ansvar
Opplæring ved behov
Ferdigheter
- Behandle ordre fra nettbutikk
- Bruke IKT-systemer
- Opprette innkjøpsordre
- Registrering av inngående og utgående varer
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nessemaskin er eit godt etablert frima innanfor utsyr og rekvisita til landbruket. Vi er i dag 8 tilsette lokalisert på Nessane. Hjå oss kjem du til eit selskap med gode verdiar, godt arbeidsmiljø med stor takhøgde og moglegheit for å forme din eigen arbeidsdag.
Vi har gode ordningar og er opptatt av at ein skal trivast på jobb.
Virkar dette spanande? Ta kontakt eller send søknad og CV direkte på epost.
- Sektor: Privat
- Sted: SJØARSVEGEN 5, 6994 Nessane
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Grossisthandel import/eksport, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Kontorarbeid, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
landbruk, administrative løsninger, kundeservice, kontormedarbeidar, ordrehåndtering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464467939
- Sist endret


