Konsulent/Spesialkonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 07.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Konsulent/Spesialkonsulent
Er du vår nye kollega? Hos oss vil du få jobbe med løn i ein organisasjon med høg fagleg kompetanse og eit stort samfunnsansvar.
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert lønsmedarbeidar til lønsteamet vårt. Eininga består av 12 tilsette med høg delingskultur. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som arbeider med løn frå A til Å for ein stor og kompleks organisasjon. Vi ser etter deg som trivst med struktur og kvalitet – samstundes som du er nysgjerrig på digitale løysingar.
Vi skal sikre og utvikle god kompetanse på det løns- og HR-faglege området, både internt i eininga og som leiarstøtte.
Arbeidsoppgåver
- handtere lønnskøyring og fråvær for eigne einingar
- handtere sjukefråvær og refusjonar frå NAV
Du vil også få oppgåver som til dømes:
- utvikling av rutinar og informasjon til einingane våre
- pensjonsrapportering
- reiserekningar og utlegg
- vere en sentral samspelspartnar med våre HR-rådgjevarar
Det er særs viktig at du kan arbeide sjølvstendig med løn frå A til Å. Gode kunnskapar innan fråvær- og refusjonarbeid vil også bli vektlagt.
Kvalifikasjonar
- fagbrev i kontor- og administrasjonsfag og/eller fagskule innan løn/HR. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- god erfaring frå lønsarbeid og kunne handtere lønnskøyring for eigne einingar
- kunnskap om lov- og avtaleverk innan løn og sjukefråvær, samt regelverk for reiseutlegg
- gode datakunnskapar, særleg i Excel
- kjennskap til tariffavtalar
- det er ein fordel om du er ein erfaren brukar av ulike løn- og personaldatasystem, digitale sjukmeldingar i løns- og personaldatasystem, elektronisk reiserekningssystem og har systemkunnskap knytt til desse løysingane
- erfaring frå HR arbeid er eit pluss
- det er ein fordel å ha kjennskap til fylkeskommunen si organisering
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er serviceinnstilt, strukturert og påliteleg
- Har høg arbeidskapasitet
- Arbeider godt i lag med andre, og sjølvstendig
- Ynskjer å jobbe med opplæring til våre leiarar
- Har interesse for å bidra til forbedring av system og prosessar
Vi tilbyr
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid
- godt arbeidsmiljø, med ein høg delingskultur
FerdigheterAI-generert
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Microsoft Excel
- Refusjoner fra NAV
- Reiseregninger
- Sykefravær (personaladminisstrasjon)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Lønn
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lønnskonsulent, lønnsmedarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464329948
- Sist endret



